lørdag 1. mars 2014

Vår

1.mars. Vårmånaden er her. Men rett skal vere rett. Det har likna på vår lenge her på vår kyst. Mildt og lite snø har det vore heile vinteren, eg har knapt starta snøfresen desse vintermånadane. Snøen ser vi berre høgt oppe i fjella. Kuldegrader? Ikkje mykje av korkje regn eller kulde. Har det vore så kaldt at marka har tela, så har det vart berre nokre få dagar, og så har det vorte mildt att. Nedbøra, både regn og snø, har stort sett helde seg lenger syd og aust. Gjenomsnittstemperaturen dei siste tre månadane har vore +3.6 grader, og det er 4.3 over normalen. Snøklokkene har blomstra lenge, og no lyser det i gule hestehov langs vegkantane. Selja står med kvite knoppar, klare til å sprette ut i gule gåsungar. Og på vivendelen som alltid er tidleg ute har grøne blad byrja å folde seg ut. Ja, sjølv eit plometre i nærleiken, står med kvite blomar. Det vårast her ved fjorden no når mars er her. Det kan nok kome snø og kulde enno, men den vil nok ikke vare lenge. Så det spørs om det vert påskesnø og skiføre dette året. For meg kan det vere det same. Eg er vel nøgd med desse vintermånadane vi fekk i år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar