mandag 24. mars 2014

Marrakech

Bussen rulla over fjellet gjennom natta. Svevn brukar det å verte lite av for meg på slike bussturar, men når det lysna av dag var mi kjære og eg framme ved flyplassen, og vi kunne sjekke inn for flyturen mot Afrika. Det gjekk raskt og greit, utamom at eg hadde gløymt at mi kjære hadde eit beger yougurt i handbagasjen min, så då måtte ho ta seg ein ut om  sikkerheitssjekken att for å ete den, og så ta sjekken på nytt. . Etter fem timar i lufta sette flyet hjula på bakken i Marokko. I Marrakech. Eit namn som for meg alltid har hatt noko særleg ved seg. Eg kan ikkje heilt forklare kva det er, men det er noko med ørken, med ei "tusen og ei natt" steming. Og no var vi her.
Men å kome ut av flyplassen det tok si tid. Køen framfor passkontrollen var lang, og mennene bak skranken hadde ingen hast. Men tilslutt var det vår tur og vi kom oss igjennom og kunne møte dei andre i gruppa rundt vår guide med sitt norske flagg.


Men om det tok tid å kome gjennom passkontrollen, så tok det ikkje lange stunda, (10 min)  før bussen vår var framme ved hotellet der vi skulle bu under opphaldet. Rett overfor jarnvegstasjonen i Marrakech. Men langt nok til at vi kunne sjå byen sin farge, Den var raud, Alle hus var raude som jorda i området. Og utanfor romet vårt rann trafikken jamt, bussar, privatbilar, jordfarga drosjar og mopedar i mengder.

Marrakech byvåpen

Etter ei roleg stund på romet der eg prøvde å ta att litt av den tapte sømnen frå sist natt, var det ut for å møte litt av mine draumar om det framandarta Marrakech. Ut til middag på ein fin restaurant med ei utsmykking av tak og vegger som eg kjende att frå det mauriske Andalusia, i Granada og Cordoba. Og til maten fekk vi underhaldning i form av musikk og magedans. Underleg å sjå kontrasten frå dei tildekte kvinnene på gata utanfor, og til den nesten nakne kvinna som erotisk svinga seg i dansen framfor nyfikne middagsgjestar. Er det menns erotiske drifter kvinnene utanfor må skjerme seg for?
På TV-en på romet stod det ofte på ein kanal med musikkvideoar. Det var vel ho som rydda som likte den kanalen. Eg er ingen flittig brukar av den slags kanalar, men det slo meg at den musikken og bileta som rulla på skjermen på hotellet, hadde ein sterk undertone av nettopp erotikk. Ikkje akkurat det eg hadde venta i eit muslimsk land, om det ikkje det strengaste landet.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar