lørdag 29. mars 2014

Koutoubia-moskeen



Det var ikkje vanskeleg å sjå at vi var i eit muslimsk land. I alle landsbyar av små jordbrune hus, raga minareten opp over dei andre bygningane. Og i byane såg vi dei firkanta tårna reise seg  mot himmelen. Sidan vi ikkje var truande muslimar, var det ikkje tilgjenge for oss inn i moskeane. Berre to moskear i heile landet er opne for ikkje muslimar. Den eine ligg oppe i Atlasfjella. Den andre ligg i hovedstaden, og den fekk vi høve til å vitje. Men elles måtte vi vere nøgde med å sjå dei utanfrå.
Koutoubia- moskeen i Marrakech er eit landemerke inne i medinaen. Sjølve moskebygningen er ikkje så høg, og synest mest ikkje då den er omgitt av eit stort parkområde, men minareten synest desto meir, der den ragar 77 meter høg. I tillegg kjem spiret på 8 meter.
Moskeen vart reist i åra 1184-1199 av almuhadkalifen Yacoub El-Mansour. Som biletet syner er der restar av ei tidlegare bygning ved sida av moskeen. Det er frå ei bygning som almoravidleiaren Ali Ibn Yusuf hadde reist, men almohadane ville ikkje ha noko bygning frå dei, så den vart teken ned, og deira almohadmoske vart påbyrja.
Denne minareten er modell for den som står ved sida av katedralen i Sevilla, og som no fungerar som kyrkjetårn, og ein halvferdig som står i hovedstaden Rabat. Og for svært mange andre mindre minaretar som vi såg rundt om i byane.
For at muezzinen (bøneutroparen) skulle sleppe å gå alle 70 meterane opp, har minareten,- som i Sevilla - ein rampe innvendig som gjer at muezzinen kunne ri opp til utropsplassen.

På toppen av Koutioubia-minareten er der eit spir med fire koparkuler. Opphaveleg - seiest det - var kulene av reint gull - og berre tre. Den fjerde - og øverste - har ei eiga soge. Den vart gitt ei av konene til kalif Yacoub El-Mansour. Ho kom eingong under ramadan i skade for å ete under fastetida. Og for å bøte på det tok ho alle sine smykke  av gull, og fekk dei omsmelta til ei kule, den fjerde på moskespiret. Der er sjølvsagt andre versjonar av legendene om desse kulene.

Galgen vi ser ved sida av spiret er ikkje til å henge folk i, men nokre tider i året, vert der hengt opp eit grønt bøneflagg der. Og vart det sagt, den skal og vise bøneretninga til Mekka for dei som ber utanfor moskeen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar