lørdag 22. mars 2014

Og så - dessert

Det var vanlegare i tidlegare år. Ikkje så vanleg no lenger.
Det er den tredje retten i eit måltid eg tenkjer på. Desserten.
Når eg har vore ute på tur, enten i ei gruppereise som no, eller under vandringane våre, så har det alltid vore tre rettar ved middagsbordet. Stundom har dei første vore så mektige at eg har hatt vanskar med å makte den siste. Min mage har vorte i minste laget for mektige måltid med åra.
Dessertane eg fekk i Marokka var for det meste kjende, men to skilde seg ut.
Den eine møtte eg både ved frukost og lunsj, og den var noko så enkelt som appelsinskiver. Ikkje som appelsinbåtar men som skrella appelsin, kutta på tvers i skiver. Og så det nye for meg. Skivene hadde fått litt kanel oppå seg. Kan dette smake godt, undra eg meg, men det gjorde det.

 Den andre fekk vi servert som tredje rett ved eit par middagar. Ei kake som vart kalla bryllupskake, og som skulle vere svært populær i landet.

Då ho kom på bordet tenkte eg; Eit vanleg sukkerbrød med melisglasur. Dette har eg  då smakt før. Men så kom overraskinga. Kelnaren kom med kniv og gaffel og ville dele opp kaka for oss ved bordet. Og då han sette kniven midt i kaka, fall den høge kaka saman som eit korthus. Så skar han ho opp og fordelte den på oss. Damene først, vi mennene måtte vente til dei hadde fått.


Og då synte det seg at dette var ikkje noko vanleg norsk kake med melisglasur. Kaka var laga av nokre tynne plater med ein konsistens som tjukt potetgull, men utan den smaken. Og for å få desse skivene i seg måtte ein bryte dei opp med skei eller gaffel i mindre stykke. Og den kvite "melisen" var heller ikkje det eg trudde.  Den hadde ein smak som tjukt, søtt, vatn.                                                              Første gongen vi fekk den var ikkje mine smaksløkar heilt med på notane. Eg ytra noko om at hadde mi kjære servert denne i eit lag heime, så ville den nok ikkje vekt stormande applaus. Andre gongen smakte den vesentleg betre. Så kanskje, om eg hadde fått den endå ein gong. så hadde eg sagt noko om den var verkeleg god. Men det får eg nok aldri vite.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar