Vi har hatt nokre vakre haustdagar her på vestkysten i det siste, med sol og stavstill fjord. Det har vorte lite med meg utanom å nyte godværet. Men litt har eg då gjort. I går fekk eg opp rota av ein prydbusk. Eit arbeid eg har kvitt meg lenge på å byrje med. Men i dag hamna den på ruskedungen. For ei veke sidan vart mi kjære og eg besteforeldre for 13 gong. Denne gongen til ei lita jente, og i dag fekk eg halde henne for første gong medan ho sov i armane mine. Stort. Ei lita jente som nettopp har byrja på den lange vegen. Livsvegen. Og vonleg vert han lang og god å vandre for henne, men lite veit vi om det. Vi kan vel sjå ( det er vel rettar å bruke ane her, enn å sjå) vegen bukte seg eit stykke framover, men snart vert han borte for augo våre. Vi veit berre at om levedagane kjem, så held han fram, om vi ikkje kan sjå det. Sjølv er eg langt der framme ein stad. Eg nærmar meg endepunktet, utan at eg veit noko om når eg er der. Dei som har forstand på slikt, meiner at det ligg i genane mine. Kva no det tyder? Ser eg meg attende, så har vegen min vore mykje lik den på bilete. Den har ikkje bydd meg på store utfordringar så langt. Lite sorger, men mange gleder.
I luthersk tankegang er det vandringa vår etter denne lange vegen, livsvegen, som er vår pilegrimsvandring. Ei pilegrimsferd som er - eller som skulle vere - ei vandring med "Den Heilage."
fredag 27. september 2013
onsdag 25. september 2013
Undervegs
"Jau, visst er du pilegrim", sa dei til meg når eg ytra mine tvil andsynes det. Men eg ser ingen ulikskap mellom vandraren og pilegrimen når det gjeld å vandre langs ein veg mot eit "såkalla" heilagt mål. I alle fall ikkje slik vi syner oss fram i det ytre. Men kva så med vår indre personlegdom? Er det der pilegrimen dukkar fram? Og korleis ter han seg då? Er det der eg i tilfelle finn pilegrimen i meg?
For mange år sidan mottok eg nokre brev frå ein organisasjon i Italia. Dei ynskte pengegåver til eit stort pilegrimssenter dei var i fred med å reise i ein by heilt sør i Italia. Over ein Padre Pio. Han var fødd i 1887, og døydde i 1968. I 2002 vart han erklært heilag av pave Johannes Paul II. År seinare på ein tur i Italia, såg eg fleire vogntog som hadde bilete av Padre Pio måla på utsida av førarhuset. I dag er pilegrimssenteret reist og tusenvis valfartar dit årleg. Eit av dei mange "nye" pilegrimsmåla som har dukka opp dei siste par hundreåra. Ein slik pilegrim kan eg nok ikkje kalle meg. Å valfarte til heilage mål i den "katolske" meininga gir ingen respons hjå meg. Då er eg berre ein nyfiken turist, eller vandrar. For meg er det heilage å vandring mot den Heilage. Og den slags pilegrim kan eg like godt vere heime i mitt eige landskap. Eg treng ikkje reise nokon stad for å vere det. Men likevel så gav eg meg ut på å vandre vegar mot heilage mål. Når eg no, etterpå, ser attende. Fann eg far etter pilegrimen i meg under vandringa mi? Kva slags far var det i så fall?

lørdag 21. september 2013
Snegelen
Ein snegel att. Ein grå snegel på grå sand. Ikkje er det han har på ryggen så særmerkt heller. Kva er det med den? Ingen ting. Det er ein snegel som kryssa min veg ved Logroño.
Jau, kanskje der er noko likevel. To ting. Det eine er farta.
Den er ein "slow walker", som eg er. Når eg er ute og går, så vert eg oftast forbigått av andre med raskare føter. Eg er ein "snegelvandrar" med roleg gange. Eller kanskje ein skilpadde-vandrar som nokre kallar seg. Men eg kan ikkje sjå at pilgrimen skil seg frå vandraren når det gjeld gangfart.
Det andre er børa snegelen ber på, huset. Under vandringane mot Santiago har også det vore eit emne for samtale. Kva er det vi ber på? Treng vi ha med alt, eller ber vi på for mykje? Der er eit råd for kor mykje ein skal bere med seg. 10% av eigen kropsvekt. Eg har aldri kome dit ned.
Dei første pilegrimane hadde ikkje med seg meir enn at dei greidde seg med ei veske over skuldra. (viser gamle teikningar av dei) Utifrå det er det er klårt at eg har bore på alt for mykje. Men kva skal ein legge att heime? Kva er det ein ikkje treng? Det er det ikkje enkelt å kome til rette med. Det er mykje som kan vere greit å ha. I tilfelle at ein skulle kome til å trenge det.
Heller ikkje her tykkjest det meg å sjå noko ulikskap mellom pilegrim og vandrar.
Har eg då funne om eg er ein pilegrim eller ein vandrar? Nei, når det gjeld det ytre kan eg ikkje sjå nokon skildnad. Skilnaden må difor ligge på eit anna plan. Om der i det heile er ein skilnad?
Men det vert nok ei anna soge.

onsdag 18. september 2013
Kven er eg?
-Kor det går. Finn du ut om du er ein pilegrim? Eg er spent. - Omlag slik fall orda frå ein av mine medvandrarar. Ho har ofte, gjennom 6 år med vandring, fått høyre meg bale med spørsmålet. Ja, eg undrast sjølv. Eg undrar meg på kva det er eg har gitt meg ut på. Og kvar det fører meg. Men det er vel på tide å prøve å finne svaret etter å bala med spørsmålet i mange år. For mange kanskje eit heilt uviktig spørsmål. Men. Svaret kan nok ha sine fylgjer, anar det meg.
Og deå er det vel på tide å kome til rette med det. No når eg har passert dei 70, og er igang med nedtellinga. Tidlegare, då dagane sine krav stod i kø, hadde eg ikkje så mykje tid å fundere på slike "marginale" spørsmål. Då var det andre saker som kravde mi merksemd. No har eg tid til å la tankane flyte fritt, i tidlege morgonstunder medan dagan vaknar, eller i seine kveldar, i senga før svenen fangar meg.
Nokre bitar av kven eg er har funne sin plass i puslespelet mitt. Eg er nyfiken, ikkje gul eller blå som eit par svenske filmar for mange år sidan, knytte nyfikna til, men på kunnskap. Eg merka det dei gongane eg har vore med på vandringa gjennom Valdres. Det stimulerte meg alle sogene om folket, landskapet og bygningane som eg fekk høyre undervegs. Og under vandringane i Frankrike og Spania var noko av det som fengsla meg mest, nettopp sogene som landskapet, stadane, kyrkjene og kyrkjekunsten hadde å fortelje. Og etterpå, når eg les om vegane vi gjekk, får eg lyst til å legge ut på ny vandring same vegen, for å få sjå og oppleve det eg ikkje såg, men gjekk forbi. Men her arbeidar nok tida imot meg.
I tillegg til nyfikna på historie og geografi, er eg nyfiken på teologi, læra om Gud. Eg les heller slike bøker enn krim. Krimbøker les eg på skrått, Då hastar eg fram til siste side og løysinga på gåta. Men når det gjeld teologien då er eg ein snegellesar. Eg likar å vite, og då har eg god tid. Kanskjer finn eg her eit samanfall med vandraraen kontra pilegrimen?

mandag 16. september 2013
Kvifor gjekk dei?
I avisa "Vårt Land" held ordskiftet om pilegrimsvandringa i vår tid fram. Bakgrunnen for ordskiftet er ei gamal latinsk bøn til Heilag Olav som vart framførd under Olavsdagane i Trondheim. Og då er med ein gong spørsmålet om katolsk mot reformatorisk innhald hjå den moderne pilegrimen / vandraren aktualisert. Og det åleine er interessant nok. Eg har sjølv fundert mykje på det sidan eg gav meg ut på pilegrimsvegen.
På bakgrunn av det kan det vere interessant å sjå på kva som var grunnen for dei første pilegrimane. Dei første århundra veit vi vel lite om, men der var nok alt då truande som gjekk til dei stadane dei les om, eller fekk fortalt om, der Jesus levde sitt liv og leid sin død. Då mor til keisar Konstantin kom til Palestina for å leite opp desse stadane, fann ho ein levande tradisjon. Trass i at romarstaten hadde gjort sitt for å radere ut alt som kunne knytast til Jesu liv og oppstode. Men når romarstaten gjorde kristentrua til staten si tru, auka nok mengda av reiser til desse stadane. Ei av dei første som skreiv om ei slik reise, var ei kvinne frå Galisia, Egeria. Ho gjorde ei ei treårig ferd midt på 300-talet, og skreiv reisebrev attende til sine "systre".
Eg trur nok at dei første pilegrimane drog, ikkje for bøn og bot, men for å sjå og å oppleve. Og det er vel kanskje ikkje så veldig ulikt med flesteparten av våre dagar sine pilegrimar. Det vere seg katolikkar, protestantar eller dei ikkje religiøse vandrarane.
Først seinare fekk slike "katolske" element som botsreiser, og forbønsreiser ein sterkare plass. Og her skil nok den katolske og protestantiske tradisjon og fortolking av pilegrimsvandringa seg frå kvarandre.
Så sit eg att med mitt spørsmål. Kva er innhaldet i vandringa for pilegrimen i dag? Er det den katolske forståinga slik den utvikla seg gjennom tida. Med hovudvekta på bøn, forbøn,( - og kanskje og litt bot?) Eller er det den opphavelege, der ein stor porsjon nyfikne på vegen og heilagstaden spelar med? Er det der den protestantiske pilegrimen hamnar?

lørdag 14. september 2013
Den gode farta
Den gode farta. Kva er det?
Gjennom den lange vandringa får eg høve til å møte meg sjølv. Når dei mange krava mine er borte, og eg har berre nokre få grunnleggande behov att. Mat og drikke, ei seng å sove i og vatn til skylle bort støv og sveitte.
Når media ikkje lenger krev mi merksemd, då kan eg kjenne at eg er tilstades i eit anna rom enn eg brukar ferdast i, og då kan det og hende at eg kan kome til å kjenne angen av det heilage nær meg, i meg. Men eg måtte lære det før det gjekk opp for meg kva som er det viktige i mi vandring. Når det ikkje lenger var målet der framme (kva så enn målet er) som hadde fokuset, men vegen og vandringa. Når det å vere i augneblinken, i det som heiter no, fyller vandraren. Då kan det skje at vandraraen i meg trår attende og pilegrimen overtek.
Vi møtte eingong tre unge franske jenter, og vi spurde kor langt dei planla å gå for dagen. Neste dag skulle dei gå 36 km, var svaret. Eg vart imponert, men første året av vår vandring trudde eg og at 30 km burde vere målet for ein dags vandring. Og med denne mi målsetting stressa eg mine medvandrarar. Diverre.
Når eg les mi utgåve av den gamle vegvisarboka for pilegrimsvegen, Codex Calixtinus, ser at eg den reknar med 13 dagsetapper frå St.Jean Pied de Port til Jakob si grav. Det er 70-75 mil. Det vert mellom 5 og 6 mil for dagen. Eg skal vere i særs god vandrarform for å gjennomføre ei slik vandring, Det vert ikkje tid til mange pausar med slike dagsetappar.
Ein betongstolpe aust for Astorga bar desse orda; "Good speed is you speed." Den gode farta er di fart.
Dersom det var heilagstaden der framme som var målet, og vegen var underordna det, då hadde eg nok prøvt å gå så raskt som mogeleg var. Men då eg etter kvart skjøna at målet der framme er underordna vandringa etter vegen, forsvann og stresset med å gå så langt og fort som råd. I staden fekk eg tid til å sjå kva vegen hadde å by, tid til ettertanke, tid til kvild. Den gode farta var mi fart, ikkje den andre hadde.
Det tok litt tid å lære det, men då hadde eg og skjøna at det er ikkje kor mange kilometer for dag som er det viktige. men at ein har ro og fred i sjel og kropp, og er mottakeleg for det vegen byd. Om det vart 8 eller 20 km på ein dag, spelte igrunnen inga rolle lenger.
Etter at eg vart pensjonist har eg skjøna at det gjeld også dagane mine no, Slik mi kjære alltid har fortalt meg. Hugs å leve no, medan du lever. Hugs det er fleire av dei "små" gledene enn dei store.

torsdag 12. september 2013
Kvifor?
Kva er er det eg har gitt meg ut på, tru? Eg byrjar å undre meg på kvar eg hamnar med desse små funderingane mine over pilegrimen og pilegrimsvandringa. Ber det heilt ut på viddene, eller kjem eg eingong fram til ein ende, eit mål? Har eg eit mål framfor meg, eller vert også den vegen skapt etter kvart som eg skriv?
Eg undrast.
Han kom inn på romet seint, fann seg ei ledig seng og byrja å gjere henne klar for nattekvila. Andletet hans synte at han hadde røter langt i aust. Rundt halsen bar han ein kross, og nyfiken spurde eg om han var ein kristen. Nei, det var han ikkje, fekk eg til svar. Men, kvifor går du då på Jakobsvegen, vart det spurd. Eg går for å finne ut kvifor eg går, var svaret.
Vi stod i eit vegdele mi kjære og eg. Kva veg skulle vi velje? Den eine vegen var skilta med ein snegle. Det tydde vel at den var av det lettare slaget. Der kunne vi nok og glede oss over store tre som kasta skuggar over vegen, denne heite dagen. Den andre var hovedvegen, hadde eg lese. Den skulle over ein ås med fin utsikt, og det siste stykket gjekk frå ein landsby og opp ein steinet prosesjonsveg til eit lite kapell på toppen. Og det stykket var uten eit einaste tre som vi kunne finne ly for den sterke solvarmen ved. Overkomeleg meinte eg, trass i den dirrande varmen. Berre ei to/tre hundre meter opp, og så ned att på andre sida av åsen. Prøvinga sitt berg kalle eg den etterpå.
Er der ikkje enklare måtar å finne svaret på kva vandringa etter vegen gir, enn å utsetje seg for slik galskap i nær 40 grader pluss? Kanskje ikkje. Kanskje er svaret gøymt nettopp i vegen sine utfordringar. For eg skal ikkje nekte for at vegane eg har gått, mange gonger hadde sine utfordringar til meg. Men dei var ikkje umogelege å kome igjennom, og så, etterpå kunne eg oppleve det positive i å ha meistra utfordringane.
Å gå for å finne ut kvifor ein går. Det svaret er det berre vegen, og vandringa etter vegen som gir. Men då må eg og stille meg open for det vegen og vandringa har å gi. Det tok meg litt tid å erfare, lære, det.

onsdag 11. september 2013
Pilegrim likevel?
Så kan eg ikkje, har ikkje samvet, til å kalle meg pilegrim slik katolikkane og dei ortodokse kyrkjene gir ordet innhald. Det er ikkje det at eg ikkje har vore på fleire av deira pilegrimsstadar. Her, i biletet, var vi ein søndag, og i hovedkyrkja litt lenger attende i fjellveggen var det mykje folk. Der var det ei svart madonna over høgalteret, og køen opp dit var lenger enn lang. Sjølv under messa. Truleg var ikkje alle nyfikne turistar. Kanskje var dei fleste pilegrimar som kom for å be i kyrkja, og framfor madonnaen. Ved kyrkja her var det stillare, men her fekk eg for første gong sjå mengder av, ikkje så gamle, takkegåver av svært ulik art. Var dei eit synleg prov for svar på bøn? Truleg. Likevel, for meg har ikkje desse stadane vore viktigare bønestadar enn mi eiga heimekyrkje, eller morgonstilla heime i mi eiga stove. Det var nok ein av grunnane til at eg ikkje fann meg ein plass i køen forbi madonnaen der oppe. Når heilagstadane, som Jakob si grav i Santiago, for meg ikkje er meir heilag enn alle andre kyrkjer, reiste til Guds ære. Kan eg då kalle meg ein pilegrim? Fyller eg i så fall ordet med eit anna innhald, eit utvida innhald, der vandringa, og vegen, får ei større rolle enn i den opphavelege tydinga?
mandag 9. september 2013
Pilegrim?
Det syner kanskje litt av mitt tvisyn på kven eg var, dette at eg gjekk mot Santiago på ein veg som både var vandrarvegen GR65 og pilegrimsvegen Via Podiensis. Om eg ikkje var så veldig oppteken av spørsmålet det første vandringsåret, så dukka det etter kvart opp nokså ofte. Er eg ein vandrande turist, eller er eg ein vandrande pilegrim? Rett nok har eg på biletet ikledd meg ei kunstig pilegrimsstafasje frå gamal tid, men mi vanlege utrustning, også tankane mine, var nok meir "moderne". Men ein møtte vi som hadde ikledde seg ei slik vandringsdrakt. Ein ungdom frå Austerrike.
Eg ser på nettsider eg las at eg er ikkje åleine om å bale med spørsmålet om kva som skil pilegrimen frå turisten. Eller omvendt. Seinast i dag har avisa Vårt Land to stykke som er inne på spørsmålet.
Ved mi kjære og min sin seinsommarferie dukka spørsmålet igjen opp i ei samtale. Eg prøvde å forklare kva eg meinte skilde turisten og pilegrimen, og fekk motbør. Nyleg var eg inne på ei nettside der bloggaren la fram sitt syn, og då var det eg som ikkje kunne seie meg samd. For henne var det målet som var det viktige. Og det kan det nok vere for den truande som enno er i helgen tradisjonen. Eg er ikkje der, har aldri vore der heller. For meg har både indre og ytre opplevingar langs vegen like mykje verd som målet. Men dette spørsmålet er nok like aktuelt antan ein går, syklar eller rid vegen. Ja endå om ein reiser på landjorda, over havet sine bylgjer eller sit i eit fly oppe over skyene. Kven er eg på mi ferd? Kva er det som skil pilegrimen frå vandraren? Eller som ein spurde i Vårt Land. Kan ein protestant vere ein pilegrim i den opphavelege tydinga det hadde i førreformatorisk tid, og kanskje enno har i dei eldste kyrkjene?

lørdag 7. september 2013
GR 65
Var eg budd på den lange vandringa? Både ja og nei. Eg trur nok eg helst var ein vandrande turist første året vi gjekk, og lite pilegrim.
Vi kom med fly til Paris, og så hurtigtug sørover til Lyon. Toget gjekk ikkje med same farta opp til St. Etienne. Der bytte vi til eit saktegåande lokaltog vidare inn i fjella til Le Puy en Velay. Pilegrim? Ja, vegen vi skulle gå var den gamle pilegrimsvegen som ein biskop Godescals av Le Puy gjekk i 950. Eg trur nok at det var lite gåing med han og fylgjet hans. Truleg gjekk ferda på hesteryggen eller med vogn, og dei overnatta nok godt i dei mange klostera undervegs. Men han er rekna for å vere den som opna denne pilegrimsvegen til Jakob si grav på stjernemarka, vest i Galisia. Men vi skulle gå tjue mil det året, og med altfor tunge sekkar på ryggen. Det er ikkje gjort over natta å kome inn i pilegrimslivet. Alt må lærast, så første året av mi vandring var eg nok turist,. Andre året byrja nok pilegrimen å stikke hovudet fram.
Den har mange namn denne vandringsvegen. Dei tyske kallar han Der Jakobweg. På fransk er det Chemin de St-Jacques, dei engelske The Way of St.James, og på spansk Camino de Santiago. Men sidan der er fleire utgangspunkt for vegar til Santiago i Frankrike, har han og namnet etter startbyen, Le Puy Route. Latin var nok det språket som biskopen nytta, og då heitte han Via Podiensis.
Men i vår tid er vegen ein del av eit større nettverk av langvandrarvegar i Europa, noko som på fransk lyder Grande Randonnée, og dei har kvar sitt nummer. Vår veg byrjar i Geneve i Sveits , og ber nummeret GR 65. Og i Le Puy en Velay koblar GR65 seg saman med Via Podiensis. Den var godt merka med eit raudt og kvitt merke som synte oss både kvar vi skulle gå rett fram, svinge, eller kvar vi ikkje skulle gå. Og for ein nybyrjar på pilegrimsvegen gjorde merka det til ei god oppleving å vandre i eit vakker landskap. Kanskje det vakraste av alle dei ulike landskapa på vegen til Santiago.
Dei var gode å ha desse merka i eit framandt landskap. Det hende eg miste dei av syne. Då måtte eg gå attende til eg fann dei att, og slik på kome på rett veg igjen. Om vegen var gamal, så var det godt å finne merka som synte leia vidare mot målet. Kanskje vi kunne trenge å sjå etter merka som viser kvar den gamle vegen går i mange tidsaktuelle spørsmål og, ikkje berre når det gjeld vegen til Santiago. Eg har ei kjensle av at i vår tid er det mange som ikkje er så interesserte i slike vegmerke. Dei vil helst gå på den vegen som er inn i tida. Vegen der folkestraumen går. Den flate og breie. Ikkje den smale, svingete og bratte. Men kanskje vi burde lytte til den gamle profeten Jeremia når han seier: Spør etter dei gamle stiane, etter vegen til det gode. Ferdast på den, så skal de finna kvile.

torsdag 5. september 2013
Til fots på "stjernevegen".
Santiago de Compostela tyder Sankt Jakob på stjernemarka. Kanskjer er der mange stjernemarker rundt om. Det gjeld berre å å sjå dei der vi møter dei på vår vandring gjennom livet.
Angen av det heilage møtte meg ofte der eg var med på vandringa etter det eg kalla "stjernevegen" gjennom Valdres. Stjernene var alle dei kvite skogstjernene som blømde langs vegkanten gjennom heile vandringa sine 8 dagar. Angen av dei heilage fekk eg i alle dei gamle kyrkjene eg kom inn i. Dei bar med seg ein eigen fred, skapt av mange hundre år med bøn og lovsong, av sorg og gleder, og eit stille Gudsnærver. Ved vandringa si byrjing og ende var det to kyrkjene med kvart sitt vesle relikvieskrin. Kva som eingong låg i dei, er løynt idag, men dei minte meg om ei tid som kvarv på 1500-talet. Eg byrja å gå frå ei kyrkje reist på 1200-talet, og som var vigd til møy Maria. Hedalsmadonnaen har endå sin plass i kyrkjeromet. Og vandringa enda i ei ny kyrkje vigd til St. Thomas sitt minne. ErkebiskopThomas Becket frå Canterbury som vart drepen ved alteret av kongens menn. Her stod det eingong ei gamal kyrkje frå 11-1200-talet, men den vart teken ned på 1800-talet. Av ein prest som ikkje likte livet som gjekk føre seg der den eine gongen i året då der var messe inne på stølen i fjellet.
Angen av det heilage frå det jødiske, det keltiske og frå det heimlege, gjorde at det vaks fram ein draum om å gå til Jakob si grav i Santiago. Med vandringa i Valdres var eg klar for den lange vandringsvegen dit.

tirsdag 3. september 2013
Keltiske røter
Den andre kjelda for den vaknande pilegrimen i meg opna seg i vesterleid. Trua på Kvitekrist kom ikkje med kong Olav Haraldson si kristning med sverd. Den kom mykje før over havet til den norske vestkysten. Den kom med trelar. Med menn som kryssa havet i sine opne skip. På handelsferd eller på hærferd, og som på øyane i vest møtte den nye trua. Eller den kom med menneske som sette ut på havet i sine små båtar frå dei keltiske områda, og let straum og vind - og Gud - fører dei til nye kystar. Seljemennene og Sankt Sunniva er eit av den arven hjå oss. Deira trusriter var annleis enn romakyrkja sine. Dei var merkte av straumdrag frå ørkenfedrene i Egypt, og det gav seg andre utslag i deira trusliv.
Eg vart eit år med på ein tur til dei gamle keltiske områda vest i Skotland og nordaust i England, og møtte fortellingane om dei gamle trusheltane, i sær på Iona og Lindisfarne. Turen gjorde meg nyfiken på den nyvakna keltiske spiritualiten, og eg kjøpte med meg eit par bøker om dei gamle songane og bønene som var innsamla på 1800-talet. Der fann eg ei rausare og meir heilskapleg trusform enn den eg vaks opp med. Ei trusform der alt var inkludert, både natur, dyr og menneske. Eg vart ikkje urørd av dei tankane. At det skapte ikkje er Gud, men at alt det skapte er tilstades i Gud. var ein av grunntankane. Eg opplevde litt av denne tanken både på Iona og på Lindisfarne, og det gav meg ein ange av det heilage. Den russiske forfattaren Maxim Gorki skal eingong ha sagt; "Alle er vi pilegrimar på denne jorda. Eg har har jamvel høyrt sagt at i himmelen er sjølv jorda ein pilegrim."
Slike tankar skaper draumar i ein liten pilegrim, og hjå meg ligg der ein draum om eingong å få gå St. Cuthberth's veg frå Melrose og aust til kysten, og så endå eingong å gå over fjøra til The Holy Island, Lindisfarne.

søndag 1. september 2013
Jødiske røter
Når eg leitar etter røtene til pilegrimen i meg, så må eg attende til byrjinga av 1990-talet. Før det finn eg ikkje at eg såg meg sjølv som pilegrim, utan som eit indre og åndeleg omgrep. Eg kjenner meg mykje att i det Tom Wright fortel om sin barndom og ungdom. Sjølv om han vaks opp midt i det gamle keltiske kjerneområdet i Northumbria, med fleire stadar som i dag er valfartsstadar for vår tids pilegrimar, så betydde dei ikkje noko spesielt for det åndelege livet. Det var i kyrkja, ved kjøkenbordet og på kne ved senga at kontakten med det heilage gjekk føre seg. Ikkje på dei gamle heilagstadane. For han endra det seg under ei reis i Canada. For meg kom det med ei reis til dei bibelske områda, i det som idag er Israel og Palestina. Det vart for meg ei sjelsrystande oppleving. Eg kan ikkje fingeren på kva som vart så sterkt for meg, men eg veit at det var ikkje landet, eller dagen strid og politikk som var utslagsgjevande. Det tok meg månader å kome attende til normaliteten att. Kanskje var det ein ange av det Heilage som møtte meg der. Vel heime att forsvann eg inn i bøker om jødisk tru og tradisjon. Eg måtte vite meir om mi tru sine jødiske røter. Det undra meg at eg fann så mykje som eg syntest måtte ha ei kristen forklaringsramme i det jødiske tradisjonstoffet, uten at det vart forklart slik. Men no les eg om nokre jødiske forskarar som reiser tvil om teorien som seier at den rabinske jødedommen er kristendomen sin eldre bror. Dei hevdar tvert om at den rabinske jødedomen kom som ein motreaksjon på den messianske trua på Jesus som Guds Messias. Dette sidan den messianske trua vaks seg så stor at den truga med verte einerådande i det jødiske folket. Interessante , og revolusjonerande, tankar.
Den turen, og seinare turar dit, var med på å endre, og utvide mi tru. Der fekk eg nokre gonger ein heilt uventa ange av Det Heilage. Under reisene dit vakna pilegrimen i meg. Og i pilegrimsdraumane mine ligg også ein draum om å ein gong få gå pilegrimsleiene i det bibelske landskapet. Ikkje berre busse frå stoppestad til stoppestad.

Abonner på:
Innlegg (Atom)