tirsdag 30. mars 2010

Tysdag i den stille veka.

På vegen attende til nordvestlandet i går, møtte vi den kvite nedbøra når vi kom til Nordfjord.
Så var vi attende i vinterlandet igjen, etter nokre dagar i eit vårleg landskap.
Eg måler framleis 35 cm snø på mitt faste målepunkt.
Men i natt lyste månen inn i senga til meg, og morgonen kom med sol frå blå himmel.


Det var det nok og i Jerusalem, den påskehelga for snart 2000 år sidan.
Lys frå ein full måne om natta, og sol frå klår himmel om dagen.

På den jødiske kalendaren startar kvar månad med nymånen.
Og sidan den første påska i Egypt skjedde ved fullmåne den 14.nisan, kjem alle jødiske påsker på den datoen, som er i dag.
Det var ved kyrkjemøtet i Nikea (år 325) at kyrkja fann det "fornuftig" å flytte påskedag til første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøger. Ved det skilde den jødiske og den kristne påska lag.
Derfor er det ikkje påskedag i dag, men tysdag i den stille veka.



For Jesus vart det (ifylgje Markus) ein dag prega av diskusjonar med dei skriftlærde inne på tempelplassen.
Dei skriftlærde prøvde å sette han fast, fange han med ord.
Og eg sit att med nokre spørsmål eg ikkje heilt klarer å gi svaret på.
Det eine er frå diskusjonen om det er rett å svare skatt til okupasjonsmakta, romarane.
Då seier Jesus: Gi keisaren det som er keisaren sitt, og Gud det som er Gud sitt.
Det andre kjem i ein diskusjon om lova, og Jesus vert utfordra til å kome med sitt syn på kva som er det største bodet. Han svarar med Moses si samanfatning av alle boda: Du skal elske Herren, din Gud, av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt. Og du skal elske nesten din som deg sjølv.
To, eller tre, vegvisarar for livet gir han. Men kva betyr det når eg skal fylle orda hans med levd liv i min kvardag?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar