mandag 29. mars 2010

Mandag i den stille veka

I går feira vi Jesus sitt store inntog i Jerusalem. Hylla med palmegreiner og hurrarop av ei stor folkemengde.
I dag er det mandag i den stille veka fram mot påskehelga.
Kva skjedde i Jerusalem denne dagen?
Det mest kjende er at Jesus rydda tempelplassen for salgsbord, og dreiv kremmarane ut.
Men hos Markus står der ei lita episode til frå denne dagen.
Og eg undrar meg.
Kva er grunnen til at Jesus reagerar som han gjer då?
Greit at han var svolten.
Men?
Han burde vite at det ikkje var tida for fiken.
At han ikkje ville finne fiken på treet.
Så kvifor gjekk han omvegen om treet?
Og kvifor vart han irritert og bannlyste treet då han ikkje fann fiken på det?
Markus gir eit mogeleg svar, men er det heile sanninga.
Kjem sinnet ved fikentreet og oppstyret på tempelplassen på grunn av av ei underliggande uro for det som venter nokre dagar framme?
Eg undrast.

Så er vitjinga i Sogn over for denne gong.
I dag går ferda mot nord igjen.
Skal tru om snøen har tina bort på desse dagane?
Så takk for oss for denne gong.


Kva tenkje du på, vesle jente?
Er det bror din, bak stolen, som er i tankane dine?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar