lørdag 27. mars 2010

Morgon


Det er morgon.
Frå aust, over fjella, kjem den nye dagen og nattemørkret må vike.
Det lysnar over fjell og fjordlandet.
Men himmelen er framleis grå over dei kvite fjelltoppane.
Nede, over fjorden, ligg morgonskodda og gøymer landskapet.

Frå ein skorstein stig ei tynn røyksøyle opp.
Så har dei elda i omnen der for å ta bort morgonkulden i stova.
Bygda er i ferd med å vakne.

Det er laurdag morgon.
I dag er det lite som hastar.
Det er stille utanfor husa og etter vegane.
Dei fleste tek seg god tid ved frukostbordet.
Ute rår morgonfreden i bygda mellom fjella.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar