tirsdag 2. mars 2010

Ein TV-kveld


Mi kjære forlet meg i går kveld.
Det var K-gruppa som hadde sitt månadlege treff.
Og eg sat att i stova og undra meg på kva denne kvelden skulle nyttast til.
Det burde vere noko som det var fornuft i.
Men så enda det som det brukar å gjere desse kveldane.
Med noko heilt ufornuftig.


Surfa først litt nyhende på PCen, men kom til at eg hadde sett alt tidlegare på dagen.
Gjekk derfor over til å surfe på TVen , om der skulle vere noko.
NRK har gjennom lengre tid, reklamert for eit Harald Eia program, Hjernevask.
Hadde i grunnen bestemt meg å la det gå i fred for meg. Men etter å ha vore innom eit par program, og sett slutten på ein gamal Rambofilm, som eg hadde sett før, var det med eit Harald Eia sitt andlet som synte seg på skjermen.
Av programfila under TV-biletet, såg eg at programmet snart var kome til endes.
Eia var i samtale med ei engelsk kvinne, og det ho sa, gjorde at eg surfa ikkje vidare, men vart verande i Eia sitt Hjernevask-program.


Etterpå gjekk TVen i svart, og eg vart sitjande å fundere på det enkelte sa i programmet.
Det enda med at eg leitte opp programmet på PCen for å sjå det i si heilheit.
Mi kjære var komen heim og styrte med sitt.
Kom å sjå, seier eg, dette er interessant.
Eg høyrer her eg er, svarar ho, men ikkje lenge etter sat ho der saman med meg.
Kva handla det om?
Likestilling.
Er ulikskapen mellom kvinne og mann tillærte eller biologiske?
Er det berre det ytre som skil oss, eller sit vår ulikskap også i hjerna?


Spørsmåla er i seg sjølv interessante, og vi har vel alle vår meining om dei, men det som sette i gong mine små grå var eit par norske forskarar sine ståstadar.
Dei var så fastlåste.
Dei sa det ikkje, men eg syntest høyre det ligge der, om det ikkje vart sagt.
Vi har valt vår ståstad, og vi forskar for å bevise våre standpunkt.
Med andre ord forska dei med bunde mandat, og alt som ikkje passa inn, vart valt bort som uinteressant.
Er denne instillinga tilstades hos mange forskarar?
Kan vi då lite på den forskinga som vert presentert?
Ligg det fri forsking bak, eller det forsking med bunde mandat?


Og gjeld dette berre innan vitskapen?
Kva med mitt interessefelt, religion og teologi?
Eller innan kristendomskritikken frå humanetikken og ateismen?
Kor mykje av det som vert presentert der har eit bunde mandat som bakteppe?



Harald Eia sitt program gav meg mange tankar. Eg kjem nok til å fylgje programserien hans vidare.



Bileta er frå Flofjell-vegen, seinhaustes i 2005.
Då var det ein lun haustdag. Men i dag er det vinter med minusgrader og meir snø i lufta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar