mandag 22. mars 2010

Spor


I går feira kyrkja minnet om at Maria fekk vitjing av engelen Gabriel.
Ho skulle føde ein son som var av Gud. Og som var Gud.
Det måtte vere ei skremande melding å få for ei ung jente.
Men ni månader seinare fødde ho guten.
Og det vart ein gut som med sitt korte liv - 33 år - har sett spor etter seg.

Den svenske forfattaren Wilhelm Moberg skreiv ei bok med tittelen ; Din stund på jorden.
Den også handla om spor.
Kva spor vi set i livet.
Eller kva spor livet set i oss.

Det stod eit lite vers i Vårt Land.
"Jeg reiser i tid, jeg reiser forbi
Før er nå og nå er før
Før var jeg der, nå er jeg her
Gammel tid er nå ny, men den nye tid ei er forbi.
Jeg reiser i tid, jeg reiser forbi"

Det står ikkje til å nekte for.
Eg er komen inn i den siste fjerdelen av livet mitt.
Eg reiser i tid, eg reiser forbi.
Kva tid mitt timeglas renn ut, ligg i Guds hand.
Men eg merkar at eg ser meg oftare attende enn før.
Ser attende på mi stund på jorden.

Og undrar meg.
Korleis er spora etter mi livsvandring?
Eller det vanskelegare: Korleis ser andre spora mine?



Som ein ser av tidlegare bilete, har vi fora småfuglar i vinter.
Dei har og vandra i snøen utanfor verandadøra, og sett etter seg spor. Små spor etter sårbare fugleføter.
Men ein dag var der også andre og større spor.
Spor etter mine nakne føter ved sida av spora av fuglane.

Nakne føter i kald snø er veike spor, sårbare spor.
Det er ikkje spor med makt og kraft i seg.


Det vitnar støvelspora om. Tunge og kraftige tek dei ikkje hensyn til dei veikare, mjukare spora som andre føter hadde sett.

Mi stund på jorda.
Når mi tid er over.
Korleis vert mine spor opplevd av dei rundt meg?
Er det tunge støvelspor, eller varsame spor som av naken fot?

Bibelen fortel meg at Barnet som Maria fødde, og hans Far, Gud, også har interesse av kva spor eg set medan eg reiser gjennom mi tid.

1 kommentar:

  1. heisann du er ikkje rett. når tok det vettebilde. Haha klem frå elin

    SvarSlett