lørdag 6. mars 2010

Süd-Tirol

Det er ein kjøleg vårdag i april når vi køyrer nordaustover eit dalføre som går frå Gardasjøen og opp mot Syd-Tirol.
I starten er dalen open og vid, men den vert trongare etter kvart som liene går over til bratte fjell.
Oppover liene, der jorda er dyrkbar, ligg landsbyane tett, og alle har eit kyrkjetårn ragande opp mellom husa. Og på bergknattane ligg det borg etter borg oppover dalen. Og vinhagane ser vi mange av.

Denne alpedelen av Italia, hadde tysk og ladinsk befolkning og høyrde til under Austerrike, men vart overført til Italia etter første verdskrigen.
Mussolini sette igang ei tvangs-italisering, (tysk og ladinsk vart forbode) og flytting av sør-italienarar til landsdelen.
I dag bur er det 25% italienarar der, mot 2-3% før 1920. Men landsdelen har i dag ei viss grad av sjølvstende.

På vegen køyrer vi forbi byen Trient (Trento), kjend for kyrkjekonsilet frå 1545-63, då romarkyrkja vedtok tiltak mot reformasjonsbylgja i Europa.

Lenger oppe i dalen, der den deler seg i to dalar vidare mot nord, ligg byen Bozen (Bolzano)


Vi skulle møte ein gamal mann der, men han var heller fåmælt av seg.
Og det var ikkje til undrast over, så gamal som han er.


Eg hugsar det var ein del åtgaum då han dukka fram av isen i 1991.
Kva var dette?
Var det ei nyare ulukke som fekk si løysing, eller?
Kleda hans tydde på ei langt eldre datering.
I dag seier forskarane (han har vore utsett for mange og grundige granskingar) at ismannen Ötzi truleg vart jaga i døden, og at dødsårsaka var ei eller fleire piltreff.
No ligg han i ei glaskiste i Bozen. Ei kiste der temperaturen er helden konstant på minus 6 grader, for å hindre at han skal gå i oppløysing.
Ein liten, innskrumpa og tørr mann, som plutseleg dukka fram av isen høgt oppe i fjella, 5300 år etter at han døydde.
Ötzi var ein liten mann,158 cm høg, og døydde omlag 46 år gamal.


I Syd-Tirol er der nokre underlege fjellformasjonar. Eg har lenge drøymt om å kome i nærkontakt med dei. Ikkje minst fordi der skal vere nokre flotte og spennande vandrarruter i dei.
Eg fekk ikkje den nærkontakta i 2006, men eg fekk eit glimt av dei, langt borte i det fjerne. Og det glimtet fekk eg høgt oppe i liene nord for Bozen.
Kanskje får eg eingong oppleve å kome heilt inn til Dolomittane og vandre på stiane mellom fjella. Men i grunnen seier alderen min at det er lite truleg.

Her, langt oppe i liene i Syd-Tirol såg eg for første gong den katolske tradisjonen med dei 12 meditasjonsstasjonane omkring Jesu liding og død, ute i naturen.


Det er litt underleg å sjå slike offentlege uttrykk for ei tru, ute i det fri, når det her i vårt vesle hjørne av verda, kjem til uttrykk ei nærast hysterisk redsle for alt som smakar av tru. Slike uttrykk må fjernast og forbydast vert det kravt.
Eg minnast og alle trussymbol eg såg lang vandringsvegane i Frankrike. Kross og krusifiks med meir. Ville dei fått stått i fred i vårt tolerante og vidsynte Norge?
Eg tvilar. Den norske toleransen omfattar visst nok ikkje det som har med tru å gjer. Vi har vorte eit fatigt og trongsynt land. Desverre.


Dei stod langs vegen vi gjekk. Det vart fortalt meg at denne vegen var ein del av pilegrimsvegen over fjella frå Austerrike og ned mot Roma.
Og det er ein annan draum (truleg vert det og berre ein draum). Å gå pilegrimsvegen over fjella og sydover til Po-sletta. Så vidare over Ardennane og ned gjennom Toscana med byane Firenze, Sienna, Assissi, Lucca, og endeleg til Roma.

Draumar må ein ha. Dei er med på å farge livet. Utan draumar vert livet grått.
Men draumane treng ikkje alltid å få si oppfylling. Stundom skal dei få lov å ligge der som det dei er. Ein draum.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar