søndag 28. mars 2010

Stedje kyrkje

Eg har sett den mange gonger no, Stedje kyrkje.
Når eg har kome ned til Sogndal langs elva frå Sogndalsdalen, og passert Sogndal stadion, så ligg ho der på andre sida av elva.
Ope og fritt, raud i fargen, står ho oppe på ein bakke..
I dag har eg for første gong vore inne i henne.
På palmesøndagsgudsteneste. Sprell levande gudsteneste var det kalla.


Opphaveleg låg der ei stavkyrkje frå 1180-åra oppe på Stedjebakken.
På eit gamalt måleri av tyskaren Aschenbach får ein eit inntrykk av korleis kyrkja såg ut.
Men i 1800-talet si kulturvandalisme, då så mange gamle stavkyrkjer vart borte, fekk også kyrkja på Stedje den skjebnen.
Stavkyrkja vart reven, og det vart i 1867 reist ei ny og større, og for si tid, moderne langkyrkje.


Det er alltid spanande å kome inn i ei, for meg, ukjend kyrkje.
Eg har nok skapt meg eit bilete av korleis det ser ut, kva fargar den har, og korleis korpartiet er.
Som regel stemmer ikkje mitt indre bilete.
Og det gjorde det heller ikkje i Stedje kyrkje.
Kyrkja var veldig enkel, med veggar og tak i naturfarga panel. Og med to rader små vindauge høgt oppe på veggane.
Det var einast koret som braut litt det enkle, og då ved altertavla og nokre glasmåleri på vindaugo høgt oppe.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar