Mi kjære og eg har flytta oss 18 mil lenger sør.
Det er framleis fjell rundt oss, men dei er høgre enn heime.
Men den største forskjela er at her manglar snøen.
Heime ligg den halvmeter djup, heilt ned i fjøresteinane.
Her er det snøfrie marker og vår.
Då dagen rann heime var det sol, og lokalradioen melde om glatte vegar og oppfordra til varsam køyring.
Men då vi tok fatt på reisa sørover var det fine og tørre vegar.
Alt når vi kom til Nordfjord såg vi at snødjupna var nok ein god del mindre enn heime.
Og når vi kom til Breimsbygda var det grøne marker som møtte oss.
På Bergheimsvatnet, fremst i Breimsdalen, var isen i ferd med å sleppe taket, og Eggenipa spegla seg i det opne vatnet.
Vel igjennom Våtedalen møtte vi vinteren att i Jølster.
På og ved Jølstervatnet var det ikkje mange vårteikn å sjå.
Dei snødekte markene fylgde oss gjennom Fjærland og ned Sogndalsdalen.
Også sola vart borte når vi kom til Sunnfjord, og i Sogn byrja vi sjå nedbør i vest.
For andre gong i dag møtte våren oss då kom ned til Sognefjorden.
Og her Kaupangerbygda er det snøfritt langt oppover liene.
Sjølv Amlaholten på vel 500 meter er mest utan snø.
Så på den atten mil lange køyreturen vår, opplevde vi vinteren gå over i vår to gonger.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar