tirsdag 23. mars 2010

Kvite vårteikn

Vakna til ein grå dag med småregn over bygda
Skyene ligg heilt ned på fjelltoppane, og lenger nede, mellom fjella heng det skoddeflak.
Temperaturen er ikkje av dei høgste, berre opp mot +3 grader.
Men likevel. Trass i ein gråkald dag.
Det går mot vår.
Teikna på det byrjar å syne seg.
På ein snøber plass, mellom visne planterestar frå ifjor, står ei frodig, grøn tue med kvite vårteikn.
Snøklokker.
Dette året sine første blomar.


Då regnet vaska vekk snøen,
stod snøklokka kvit og klar.
Fullkomen grøn rundt kanten,
vårtankar til meg bar.

I vekene under snøen,
skjedde eit under på ny.
Lyset gav snøklokka vokster.
Snøen gav vern og ly.

Ho ynskte nok sol og mildver,
og jord som var varm og god.
Likevel vaks ho mot våren.
Likevel måtte ho gro.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar