søndag 21. mars 2010

Maria's bodskapsdag

På morgonen var det tendensar til sol og blå himmel over bygda.
Sidan klårna det heilt av.
Skulle ha nytta høvet til ein skitur ut i naturen, men eg må nok la det vere.
Eg har nokre dagar merkar etterverknadane frå trappefallet mitt, så eg tek det med ro i solveggen heime, og nyt synet av snø- og solkledde fjell.


Om fire dagar er det Marimesse, og ni månader til jul.
Ho var ikkje så mykje tilstades, Maria, i den vestlandske kristendomen eg vaks opp i. Det er vel først i dei seinare åra at ho har tatt eit steg fram i lyset hos meg.

Under vandringa i Frankrike såg eg at i katolsk kristendom er ho framme i lyset på heilt annan måte enn hos oss.
Så langt framme at eg ryggar attende for deler av deira Mariadyrking.


Himmeldronninga, Maria himmelfart med meir, har eg problem med å svelge.

Truleg var ho mykje meir i fokus her i landet og, før reformasjonen.
Alle Maria-namna på blomar og liknande, kan tyde på det.

Men eg tykkjer det er bra at ho stig fram igjen.
Både som Mater Dei (Guds mor) og Mater dolorosa (smertens mor).


Og det er som Mater Dei ho kjem til oss på Marimesse.
Ungjenta frå Nasaret som får vitjing frå Gud.
Engelen Gabriel fortel henne at ho skal bere fram og føde ein son.
Og at det ikkje er Josef som ho er trulova med, men Gud, gjennom sin Ande, som skal gjer henne svanger.
Det er Gud som tek bustad i fosteret i hennar livmor.
Inkarnasjon er eit "fint" ord for underet som hender med Maria, og som gjer at barnet ho føder ni månader seinare, er både Gud og menneske.

Forstår eg det?
Nei.
Men treng eg forstå det?
Det får lov å vere eit stort Gud under og mysterium for meg.
Så får andre tru, og sei, at det berre er ei myte..
Men utan inkarnasjonsunderet, fell også påska sin glade bodskap bort. Og med det heile den kristne trua sitt grunnlag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar