torsdag 29. juni 2023

Å sjå, og ikkje sjå

Når mi kjære, då ho enno var hjå meg, og eg vandra saman etter vegar og stiar var våre opplevingar av det nokso ulik. Ho var i det nære, som med blomar i grøftekanten,  eller insekt på farleg vandring over vegen. Eller det var bær som ropte på merksemd. Kom og smak meg. 
Eg var heller i det fjerne med augene, langt frå grøftekanten si vesle verd.
No går eg åleine for det meste, har eg så smått byrja å sjå det ho såg. 
Årstidene si veksling, frå snødekte brøytekantar til mark som brånar fram under vårsola sin varme. Grønt gras som spirer opp, og så kjem dei ulike blomane og skaper fargerikt liv i grøftekanten. Kvitveis og den gule hestehoven er tidleg ute. Så spenger gule løvetenner seg opp, endå til gjennom hard asfalt.  Og så kjem den eine etter den andre. Snart kjem tuene med gule tiriltunger og kvite prestekragar.  
Det var dette mi kjære var oppteken på våre vandringar etter vegar og stiar.  Og eg med mitt langsyn på fjord, fjerne åsar og fjell, er nok framleis der, men har etter kvart vorte meir merksam på det nære, det som ligg framfor føtene mine. 
Og kor langt er vi komne no i blømingstidene ved vegkanten ?
Det eg såg i går på mi vesle vandring var mange blå blomar. Det er blåklokketid.
Blåklokkevikua, som Alf Prøysen song om.
Og heime ved verandaveggen kan eg bøye meg ned og  plukke meg neven full av dei små, søte og raude markjordbæra.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar