lørdag 17. juni 2023

På kongeveg

Så er eg indre Sogn igjen, denne gongen i strålande og varmt sommarvær. Nær 30 grader i sola, ikkje rart at Tor med hammaren er ute og fær når det lid mot kvelden. 
I går måtte brannvesenet rykke ut til Amlaholten etter lynnedslag der.
I dag vart det vandring på ein gamal veg, men ny for meg. Det var på kongevegen frå 1700talet som går frå inst i Barsnesfjorden og opp til Hafslo. 
Vi byrja på Hafslo for då fekk eg mesteparten av vegen som nedoverbakke. Og det kunne eg vere glad for med min skrale pust., for vegen opp frå fjorden var bratt med mange svingar gjennom den storsteinete urda på eine sida, og elva buldrande under floget på andre sida. Ein dansk fut ein gong, som var ille likt, såg seg inga anna råd enn å hoppe utfor og ned i fossen då bøndene ville ta han. Det gjekk ikkje bra for han, og fossen fekk namnet Helvetesfossen etter det.
Eg er alltid nyfiken på nye stadar å gå, og å sjå. Godt at der var mykje skog som skugga for varmaste sola.
Me hadde ein Hafslobygdar som vegvisar og han tok oss med til mange ulike stader langs vegen, som ei gamal bygdeborg frå dei første århundra i vår tidsrekning,og den store fantesteinen. Namnet på grunn av at dei reisande kunne søkje ly under den.

Men ein stad eg hatt som mål å vitje var ei Olavskjelde oppe i vegen ein stad. Ho skulle kome fram i den storsteineste ura. 
Diverre hadde turketida gjort at det var heller lite vatn i kjelda, så eg fekk ikkje drikke av det vatnet.
Men vegen var flott, med murar som synte fram eit imponerande steinarbeid. Det minte meg om vegen Vindhella oppe i Lærdal.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar