torsdag 22. juni 2023

Tankar etter ein tur

Me høyrer stundom so stort eit Ord
Om alt som folk tykkjest vita, 
om liv og lagnad, om himmel og jord
og alt som mann kan gita.
Eg ottast, alt, som me vita fullt,
er lite mot alt som for oss er dult.
Eg og yngste dottera mi var på ein liten tur på sørsida av Sognefjorden no før helga. Ho sat bak rattet og eg fekk lov å vere passasjer. Det var nokre gamle kyrkjer som drog meg, og ho inviterte meg til å ta turen. 4 gamle stavkyrkjer og ei gamal steinkyrkje vart utbyttet, i tillegg fekk eg vere med på olsokfeiring i ei av kyrkjene. 
Utanom sjølve opplevinga av å vere i kyrkjene fekk eg oppleve kva og korleis fire ulike omvisarar fortalde om kyrkjene til sine tilhøyrarar. Og det i seg sjølv var interessant nok, å oppleve kor ulikt dei utførde den oppgåva.
Men noko som var lite tilstades var trua sin dimensjon hjå folk i tidlegare tide, både før og etter reformasjonen på 1500-talet. Det handla mest om bygnad og innventar, men alt kan ein ikkje vente av omvisarar heller. Unnataket var ein stad der vedkomande hadde ein trang til å lage vitsar om det som hadde med trusdimensjonen å gjere.
Apropo tru. Ved olsoktider vert det ofte sagt at kristendomen kom med Olav Haraldson sin død på Stiklestad, men det er nok ei kraftig underdriving. Trua på Kvitekrist kom nok til landet mykje før, i alle fall på kysten i vest. 
Folk drog over havet på handelsferder og landnåm, og då møtte dei trua. Og dei tok med seg truande trelar og trelkvinner heim, og trua vart sådd mellom folk. 
Kanskje var det keltiske misjonerar som er opphavet til sagnet om Sunniva og seljemennene.
Arkelogar har funne kristne graver frå 800-talet. 
Det vert rekna med at første kyrkja på Urnes var bygd på 800-900-talet ein gong, og ho var nok ikkje den einaste. Den som no står er den fjerde og den vart reist på omlag 1130- talet.
Eg trur at trua på Kvitekrist, i motsetnad til den oldgermanske gudeverda, hadde eit myrkje sterkare fotfeste i folket vårt tidlegare enn mange reknar med, og at den trua har vore med på å forme den norske folkesjela frå tidleg middelalder. Og teikna på det ser eg i dei gamle kyrkjene våre,  om det kjem lite til uttrykk hjå våre unge omvisarar.

Nei, vesle vitet det rekk ikkje til.
Ei tru må stydja opp under.
ei tru som trøysta  og styrkja vil
i mørke stormande stunder.
Eg vonar den visdommen hjelper mest,
som med slik ei tru kunne semjast best.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar