Det er nokre år sidan no at vi kom fram til Santiago de Compostela. Etter det sette eg meg føre å lage ein billedserie av mine foto frå våre vandringar sidan eg byrja å gå til ulike pilegrimsmål. Og så sette eg ulike slags tekster til dei bileta eg valde. Det kunne vere bibeltekster, ord frå ymse personar eg hadde funne i bøker, og frå salmar og andre vers. Utgangspunktet mitt var å setje ord på mine erfaringar frå vandringane, men då biletserien var ferdig, så slo det meg at dei orda eg hadde valt meg ut, også synte til eit anna og vidare perspektiv. Dei kunne like godt fortelje om ei anna pilegrimsvandring som vi alle gjer, våre vandring frå vogge til grav. Slik orda som fylgjer nedanfor også kan tolkast.
Vandrer, dine fotspor er veien intet mer. Vandrer, det finnes ingen vei, veien blir til mens du går Mens du går blir veien til.
Og ser du deg tilbake ser du stien du aldri mer skal følge Vandrer det finnes ingen vei bare runer i havet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar