søndag 25. juni 2023

Bjørnsonstien

Eg vakna tidleg denne morgonen. Sola hadde byrja å kaste sine strålar over kyrne som hadde lægra nede på beitet ved  fjorden, der ein kunne sjå ein svak austavind lage små krusingar på vatnet. Det teikna til å verte ein varm og solrik dag i Romsdalens skjønne egne. Og eldste dottera mi hadde lagt turplanen for dagen.
Når eg er i Sogn så er det mi yngste dotter som har opplegget, men her er det ofte Stikk Ut turar som er aktuelle turmål. Helst turar som går i nokonlunde lett lende. Slik og i dag. Då gjekk turen til gamle Nesset kommune og til Nesset prestegard  ved innløpet til Eresfjorden.
Tett ved prestegarden byrjar Bjørnsonstien i lia inn mot Bugge. Det er ein gamal kjerreveg, lett å gå gjennom furu og lauvtreskog.

Ved enden av stien opna skogen seg og vi fekk eit vakkert utsyn inn over fjorden og fjella. Det dukka og opp ein lokal som kunne utdjupe kunnskapen om kva si såg. Med dei høge toppane over Eikesdalsvatnet og Vistdalsheia.
Men sidan vi var i området måtte vi og ta ein snartur inn om prestegarden der Bjørnstjerne Bjørnson vaks opp. Den er no opna etter restaurering, men vi var ikkje inn då det var ei tid å vente før omvisning, så det får vere til ein annan gong. 
No vart det berre ein rusletur mellom dei ulike
husa, før vi vende nasa utover Langfjorden att
I 1756 gjekk der eit steinskred vest om Tjelle som tok mange liv og gjorde stor skade, den sokalla Tjellefonna. Eg hadde lest om det, men har trudd at skredet gjekk på andre sida av fjorden. Så då kravde eg ein pitstopp av bilføraren så eg kunne få eit bilete av minnesteinen.
På Molde er det fotballkamp seinare idag, det er ikkje noko for meg. I staden vender eg nasa sørover att med ferge over fjorden, så over Ørskogfjellet til ei ny ferge frå Solevågen over til Vartdalsbygdene og heim ut på kvelden. Ei fin og solrik helg på Nesje er over.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar