torsdag 6. juli 2023

Miin barneheim

"Min barneheim under grøne lia
der glad eg levde den førsta tida,
du vart den flekken eg mest fekk kjær
om ut eg vanka, du var meg nær."
        Slik song voldingen Anders Vassbotn.
Ja, det er noko eige med barndomens heim, om huset var enkelt og lite, og rikdomen i form av pengar ikkje var stor, så var det der mor og far, og mine to brør var. Der hadde eg barndomens gode dagar.
Min far fekk ei tomt av farsgarden før krigen kom til landet og der bygde mine foreldre sinp heim i det gamle skredfaret frå 1755, der dei gamle tuna som skredet tok hadde stått. Og difor kalla dei stykket sitt for Tuftene.
Mi mor stelte heimen heile livet, men min far fekk seg arbeid på ein konfeksjonsfabrikk, og der kunne det verte både og med storleiken på løna. Var det lite arbeid så vart og løna lita.
Så då min far som var glad i hagen og det som vaks, kjøpte seg ei lita barlind og planta utfor kjøkenglaset, så vart mor sint for at han kasta vekk pengar på slikt. Ho tenke på alt anna ho kunne brukt dei kronene på. No har det vesle  treet vorte mest like høgt som huset og tek vekk utsynet frå kjøkenglaset.
Seinare fekk far seg arbeid på ein møbelfabrikk og fekk då ei stabil inntekt resten av si arbeidstid fram til han vart arbeidsufør grunna hjarteproblem.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar