lørdag 12. juli 2014

Vegkrossar

Eg har sett mange vegkrossar på vandringa frå Le Puy en Velay i Frankrike og til Santiago de Compostela i Spania. Også her på Camino Ingles var dei tilstades. Men eg meinar å ha sett ein ulikskap mellom dei to landa. I Frankrike var det enkle krossar, eller i form av eit krusifiks. Frå små i miniformat til ei to/tre meter høge. Utført i ulikt slags materiale som tre, stein, betong og metall. Nokre av gamal dato, tærde av vær og vind, andre var tydeleg frå nyare dagar.  Dette har eg ikkje sett så mykje av i Spania, men i Det kongelege Huelgas-klosteret i Burgos la eg for første gong merke til noko eg sidan har sett ein del av. Eg kallar dei søylekrossar, utan å kjenne til kva det vert kalla på fagspråk. Det er høge , slanke, steinkrossar der søyla kan vere dekorert som her, eller heilt rein, men krossen på toppen er tosidig. Det vil sei at han har utsmykking på begge sider.
Og dei må vere gamle sidan dei ofte er mykje slitne av vær og vind. Særleg den sida som vender mot været, lesida har gjerne stått seg betre.


Dette her er krossen frå klosteret i Burgos, og vi ser det som alltid er der, krusifikset. Jesus krossen. Ofte kan ein sjå at her har ein kunstnar vore ute med si hand. Detaljrikdomen kan enno vere der, medan andre er meir enkle og har ei grovare formspråk på figurane.

På den andre sida av krossen er det Mor Maria som er motivet. Og då helst med Jesusbarnet i fang. Men eg har og sett henne ståande åleine med hendene folda over bringa i tilbeding og bøn, slik eg har sett det på dei mange madonnastauene etter vegane.


Denne søylekrossen møtte eg i Neda. Den eine sida var med den "normale " utsmykkinga. Jesus på krossen.

Men den andre sida si utsmykking var ny for meg. Det var ei pietaskildring. Maria mor som held den avlidne sonen sin i fanget.


 Og eg undrast, Kvifor er der ein skildnad mellom desse to landa? Og kvifor har det Spania vorte reist slike søylekrossar? Begge landa har då ein romersk/katolsk kultur?
På vår protestantiske jord er vel slike uttrykk heilt ukjende, eller?  Og er der andre slags vegmerke i andre katolske land? Eg meiner at eg  i "tyske" nord-Italia, Syd-Tirol, såg vegmerke bygde som små skap med eit krusifiks inn i, og at eg var borti noko som likna det på vandringa andre året i Frankrike.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar