fredag 11. juli 2014

Frå Pontedeume til Betanzos



Det er morgon i Pontedeume. Vi har funne plassane våre ved bordet, og verten er i gang på kjøkenet. Ute er det ikkje same været som kvelden før. Grå skyer heng lavt over åsane.
Verten ordnar ut morgonkaffien for oss.
"Cuatro cafe con leche og dos americanos, por favor."
Kaffien kjem på bordet, rista brød og marmelade. Vi høyrer han romesterar ute på kjøkenet, men brått forsvinn han ut døra og vi ser han krysse att og fram over den store plassen. Inn ei dør, raskt ute att og inn ei anna dør. Fleire dører prøver han men tilslutt kjem han attende. Han ser litt lei seg ut då han kjem inn og tek sikte på kjøkendøra, så vi spør om noko er i vegen. Ja, han hadde desverre ikkje meir smør til oss. Heldigvis kunne vi trøyste han med at det vi alt hadde på bordet var nok for oss. Så er måltidet over og med  våre adios og gracias er det ut for å starte vandringa til neste by, Betanzos.
Først bortover ei tverrgate til vi finn gata med kamskjelsmerka, og så oppover og oppover mot åsen den der oppe. På vegen går vi forbi den store Santiagokyrkja med Santiago matamoros ryttaren på veggen over døra. Då eg var der  i går kveld skein sola, og i døropninga sat der ein og bad om pengar.

Men det var nok ikkje han som var årsak til eg tok fram kameraet. Det var nok døra bak han, flott dekorert som den var.
I går kveld var det nok varmt å sitje der, trass i den kalde nordavinden, men denne morgonen var det folketomt ved kyrkja, berre vi sunnmøringane vandra forbi og vidare opp troppene bak kyrkja.
Eit stykke oppe i åsen var der ei opning mellom husa, og vi tok ein liten pust i bakken og eit siste glimt av byen ved fjorden og elva der nede. Før nye gater og bakkar venta. Oppover og oppover, men til slutt var vi inne mellom trea oppe på åsen.  Mykje av same landskapet som gårsdagen. Skogsvegar og bygdevegar. Fleire små og stille landsbyar. Berre hundane syntest å merke at her gjekk det folk forbi. Dei små stemmer opp med skarpe røyster, og litt seinare kjem dei større inn med sine djupare basar.

Så er vi nede ved fjorden att, denne gongen ved Ria de Betanzos. Her ligg ein liten by som ber namnet Miño. No var det slik at i gruppa vår flytta ikkje alle føtene like fort. Nokre er raskare til beins og ligg då oftast fremst, og andre dannar nesten alltid baktroppa. På veg ned til gatene i Miño er det to som ligg litt føre oss andre. I eit vegkryss står det er vegskilt, men kamskjelet er sett slik at det skaper tvil om kva veg vi skal velje, og så vel vi ulikt. Dei to i front går inn i bygatene, medan vi andre tek vegen opp over ei lita høgd og kjem ned i byen på andre sida av den. I slike høve er det ein ser nytten av mobiltelefonen.  Det går nokre spørsmål på usynlege vegar gjennom lufta, fram og attende,  om kvar vi har vorte av.
Dei to som gjekk inn i gatene i byen når oss att oppe i bakkane på veg ut av den. No går vegen vidare bort frå kysten og fjorden.  Det innlandet som står for tur dei neste dagane. Dalane og åsane sydover mot Santiago de Compostela. Men først oppover langs elva til Betanzos

Det har vore ein kjøleg dag, med kald nordavind og tildels med regn. Då verste regnelingen kom, var vi heldige å vere i ein større landsby med open bar som vi kunne søkje inn og få ein varm kopp kaffi i livet, medan regnet gjorde seg ferdig ute. Så vi er noko frosne då vi går over brua og kjem inn i byen, men kvar skal vi gå? Vi må søkje råd hjå folk i gatene, og hjelp får vi, ja dei går endå til med oss og viser veg til det store torget, og peikar ut retninga vidare. Til slutt oppe på ein bakketopp ligg eit erverdig hotell, Er det det? Det har då ikkje rett namn. Jau det må vere det. Og så viser det seg at det har bytt namn utan att det har vorte endra på skiltinga ute. Har det hatt eigarbyte tru? Vi vert tekne vel imot og får roma våre. Dagen si vandring er over. No er det av med klea og inn i dusjen for å late det varme vatnet gi varmen attende i kroppen. Den kalde vinden ute freiste ikkje til vandringar i byen, men litt vandring må likevel til for å finne ein restaurant der vi kan få oss eit godt og varmt måltid mat, og feire  ei av medvandrarane sin årmålsdag.
Betanzos







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar