mandag 14. juli 2014

Frå Bruma til Sigüeiro.


Den lengste etappa gjorde vi undan dagen før, no står den nest lengste for tur, men den er utan dei store stigningane.  Det er siste byen før Santiago som er målet, Sigüeiro. Nær tjuefem kilometer skulle den vere på, men vi rota ein del med å finne attende til pilegrimsvegen frå Meson Novo, så det vart vel opp mot tjuesju-tjueåtte kilometer før vi var framme. Men bileta syner blå himmel mellom skyene, så vandringsværet var fint, om enn noko kjøleg. Viden frå nord fekk godt tak i det opne landskapet, og det var merkbart, om enn sola skein.

Der ligg fleire små landsbyar på vegen mellom Bruma og Sigüeiro. Vi kunne sjå på husa at vi nærma oss ein større by. Det var fleire nye hus, og landsbyane var velhaldne. Men barane var ikkje opne for oss, så det vart ikkje lange pausane i dei. Men av og til noko i vegkanten som stogga oss. Som i denne landsbyen der det truleg budde ein steinhoggar. Fleire store figurar stod ved vegkanten, og denne Jakob'en måtte vi ta med oss, og vi nytta høve til å stogge ein annan vandrar som kom forbi til å ta biletet.
Det var nokre småbakkar på vegen fram til Buscas, og der opna dei baren då vi kom vandrande, så då vart det både kaffi og mat i kroppen. På vegen ut av landsbyen var der ein liten heilagmann oppe i kyrkjevindauget. San Pelayo.
San Pelayo, kven var no det? Eg har vore bort i den karen før. Det var i Leon han dukka opp då eg vitja basilikaen til San Isidoro, for den kyrkja var opphaveleg vigd til San Pelayo, før San Isidoro sine relikviar vart flytta dit frå moskeen/kyrkja i Sevilla. San Pelayo var ein ung gut som vart fødd i Asturia i 912. Han vart teken av maurarane og leid martyrdøden i Cordoba i 925 då han ikkje ville vike frå si kristne tru.. Relikviane hans kom først til Leon, og seinare til Oviedo i 985. I den katolske lista over dei heilage har han namnet Sankt Pelagius av Oviedo.
Ein annan stad , i ein hage, var det ein påfugl som fanga vår merksemd då den heldt oppvisning for oss vandrarane. Siste strekninga fram mot Sigüeiro gjekk det nedover til lavare lende. Vi kom etter kvart over på ein landsveg, eit langt og flatt vegstykke som var heller einsformig å gå, men tilslutt kom vi inn på bilvegen som førde inn i byen. Pilegrimsvegen går først gjennom eit parkområde før vi er inne i gatene og kunne byrja å leite oss fram til overnattingsstaden.

Sigüeiro



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar