mandag 7. juli 2014

Frå Ferrol til Neda

Det var kveld vorte då toget glei inn på stasjonen i Ferrol etter ferda vestover høgsletta frå Burgos og inn i Galisia. Og vi kunne byrje å leite oss fram til hotellet der vi skulle overnatte.
Neste morgon var vi klare til å byrje vandringa på dei 110 kilometerane etter Camino Ingles, sydover mot Santiago de Compostela. Sydover i vestre Galisia.Nattportieren på hotellet insisterte på å ta eit bilete av oss før vi tok laust.
Galisia


Ferrol ligg ute ved kysten , nordvest i Galisia. Fjorden lagar ei naturleg hamn der han skjer seg inn frå opne havet utanfor, og vestavinden utanfor fjordmunninga gjorde at det var vanskeleg for fientlige båtar å blokkere hamna på den tida då dei ikkje hadde anna enn segl til framdrift på skutene.
Dette førde til at byen vaks fram som ei stor marinehamn og med store verft. Men byen har lange røter attende til både fønikarar og, keltarar. Men også romerar, vandalar og visigoterar har har hatt herredøme over området.
At byen og var fødebyen til general Franco må og takast med.

Men tidene har endra seg på dei store verfta i byen etter finanskrisa i Spania sette inn. På veg ut av byen gjekk vi forbi det store marineverftet. På gjerdet som skilde verftet frå gata utanfor hekk det arbeidskle langt bortetter. Klede som oppsagte arbeidarar hadde hengt opp der som ein stille protest mot tapte arbeidsplassar.



På vegen innover langs fjorden går vi rett opp for stranda. Det er fjøre sjø og nede på den turrlagde fjordbotnen ser vi mykje folk av begge kjønn som står krumbøygde og grev i leiren. Vi undrar oss oss i mellom på kva det er dei leitar etter.  Litt seinare kjem det ein skitten mann i mot oss, berande på ei svart plastbøtte, og nyfikne som vi er vert hans stansa.
- Kan vi få sjå kva han har i bøtta?
Han er villig til å tilfredstille vår nyfikne og viser oss morgonens fangst. Bøtta er halvfull av leirete muslingar.
- Kva han skal med dei?
- Selge dei til restaurantane inne i byen som har muslingar på sine menyar.
Med eit Adios går han vidare heimover. Kanskje vart det ei god dagsløn for ein som har misst sitt faste arbeid i det kriseråka Spania.


Vi oppdaga raskt at dette kom til å verte eit anna landskap å vandre i enn vi har vandra i før. Her var det ikkje å gå frå landsby til landsby med ubebygde område imellom. Vegen gjekk litt opp og ned nordaustover langs fjorden Ria del Ferrol, men sjølv når vi gjekk over dei små og lave åsane var der hus og heimar heile vegen. 
Det nærma seg tid for vår vesle morgonandakt då vi kom fram til ei vakker kyrkje frå det 12.århundre, St. Martin de Xubia, og der slo vi oss ned ved kyrkjeveggen.
Opphaveleg vart det snakka eit keltisk mål her i Galisia, men det er borte i dag, i staden er målet dei talar nært i slekt med portugisisk. Bokstaven x stakk seg ofte fram i orda vi las undervegs, noko eg fann forvirrande, for korleis skal denne x'en uttalast tru?
Det byrja så smått og regne då vi nærma oss fjordbotnen og Neda der vår vandring den dagen skulle ende. Siste stykke gjekk vi på ein flott hellelagd spaserveg langs fjorden, og vi var samde i at noko slikt kunne vore fint å hatt heime ved vår fjord og.  Heilt inne i fjordbotnen var der tettbygd på begge sider av elva som rann ut i fjorden. To bruer kryssa over til andre sida. Kva for ei skulle vi velge? På andre sida ved den første brua låg eit langt gult hus. Det var pilegrimsherberget. Dit skulle vi ikkje, for vi hadde tinga oss hus i eit hostell, men kvar var det?
Vi valde å fylgje elva eit stykke oppover for å gå over den andre brua, og så leite oss fram oppover gatene i Neda. Folk var hjelpsame med peike ut retning for oss, og litt lenger oppe stod ein mann å vinka. Så hadde dei helde auge med vandrarane der dei kom gåande og hadde sine rådføringar, før dei gjekk over elva og kom inn i gatene. Vi var venta. Når vi kom på romet og såg utover elva og fjorden så skjøna vi at det hadde ikkje vore så vanskeleg å fylgje med oss der vi kom..




  
Ferrol



Neda



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar