tirsdag 15. juli 2014

Frå Següeiro til Santiago de Compostela

Siste vandringsdagen vart ei vandring under ein høg blå himmel. I eit vakker og grøderikt grønt landskap med små landsbyar mellom skuggefulle skogstrekningar og grøne marker, og over lave åsar sydover mot Santiago de Compostela.
Det var merka for sykkelløp når vi kom sydover eit stykke. I eit vegkryss hadde eit av merka falle av stokken det var festa på. Vi prøvde å feste det opp att, men det var råd å oversjå det likevel. Og det var det ein av deltakarane som gjorde. Han kom forbi oss i god fart, men stykke lenger framme møtte han ein bonde som dreiv ein kuflokk føre seg, og han ropte nok til syklisten at han hadde sykla feil, for han bråsnudde og passerte kuflokken og oss for andre gong, denne gongen i motsett rening. 
Der er mange av desse stabbura langs vegane i Galisia, hòrreos heiter dei. Og med ein kross i mønet.

Eg mintest min barndom når eg såg denne kvinna ved vassposten der ho skylte klesvvasken sin. Slik mi mor gjorde den gongen ho brukte ein dag på å ta storvasken. Før vaskemaskina kom i hus, og klesvaskinga vart enklare og lettare.

Så var vi inne i gatene som leier inn til katedralen og den store plassen framfor den. Vi tråkla oss fram, men vegmerka er på plass så vi finn vegen. I det vi kjem over ein liten bakketopp ser vi tårna på katedralen reise seg over husa framfor oss.
Etter at eg for eit par år sidan vandra inn til katedralen frå aust, og no kom inn frå nord, så er det mi meining at vegen frå nord er vakrare enn gatene frå aust. Kanskje fordi den er rolegare, kortare og meir variert enn gatene frå aust. Her er både små dalsøkk og grøne parkar utanom gatene med biltrafikken. Siste stykket går vi på ei brei nylaga gågate over parkeringshuset for turistbussar og andre turistar.



Så er vi framme på den store plassen med katedralen ruvande bak. Vandringa er over. Seks dagar og elleve mil frå vi starta ute ved kysten i Ferrol. Den dagen var det regn i lufta. Her var det sol frå ein mest skyfri himmel. No stod det att å innlosjere oss på den gamle klosterskulen St. Martin de Pinario, bak katedralen, Registrere oss på pilegrimskontoret og få våre credentialer, og så bruke eit par dagar på vitje katedralen med Jakob si grav, delta i gudstenestene i den overfyllte katedralen, og å sjå det store røykjelskaret, botafumeiro'en, verte svinga over pilegrimsskaren, vitje Paradorhotellet ved sida av katedralen, og vandre rundt i dei smale gatene som omkransar katedralen, før vi sette  kursen mot flyplassen og heimreis.
Santiago de Compostela



2 kommentarer:

  1. Og då er du vel i full sving med å planlegge neste vandring?

    SvarSlett
  2. Det er sagt at ein vandrar har alltid ein fot på jorda. Denne vandraren har for tida begge føtene godt planta i heimleg jord. Draumane om nye vandringar kan nok ligge der, men dei får , i alle fall ei tid, berre vere draumar. Men å spå om dagar som enno ikkje er her, er ei usikker sak. Den spådomen kan fort verte feil. Kva mine medvandrarar ber på for tankar om saka, kan kanskje ein dag ende med at det byrjar å rykke i fast planta føter.

    SvarSlett