søndag 13. juli 2014

Frå Betanzos til Bruma


Det vart ikkje store frukosten på oss denne morgonen, ei brødskive rista loff og ein av desse små muffinsliknande kakene, pent innpakka i plast. Men kaffi fekk vi i alle fall. Godt det var handla inn litt proviant kvelden før, for idag låg lengste etappa framføre. Og der var det ikkje mykje å hente av forfriskiningar lang vegan før Bar Julia. Og dit var det 18 kilometer. Sa skriftene om Camino Ingles som vi hadde lest på førehand.
Eit stykke opp i bakkane frå Betanzos stod denne karen og peika ut veg og retning. Her er vegen, se å følge råsen, som ei kvinne i mi heimbygd sa til borna. Det vart mykje vandring på skogsstiar mellom landsbyane, Og det var godt så slapp vi unna bilvegane og trafikken der. Dei kom på rekke og rad landsbyane, Limiñon, Cos og Presedo,








Og mellom landsbyane var det lange strekk med fredfulle og stille furu og eukalytusskogar.Men og stykke der motorsagene dura inne mellom trea.  Resultatet såg vi i vegkanten der det låg store lunnar med nyfelte tre. Klare til henting. Vær varsomme, her vert det utført lastearbeid, varsla fareskilta i vegkanten.








Men dei hadde ikkje mykje å by oss vandrarane på, landsbyane, utanom kvile på kyrkjegardsmurar, rådhustrapper og ein overbygd rasteplass med bord og benkar. Men som gamal kyrkjeverje hadde eg stor glede i å sjå dei velstelte kyrkjegardane, der gravene låg i fleire høgder over kvarandre, og der singelen dekte grunnen mellom dei. Plassbesparande og arbeidsbesparande, - og vakkert. Men det er vel heller tvilsamt om våre grender er  modne for eit slikt system.

Når vi kom opp på åsane, og utanfor skogane, opna landskapet seg med gardar og grender bortover mot horisonten. Og med nyslegne marker ved landsbyane, der storfe og sauer gjekk og beitte.
Det hende og at vi måtte gi rom for taktorar på veg til og frå.

Men, endeleg, dukka den etterlengta Bar Julia opp i vegkanten. Dei første av oss hadde alt vore inne og sjekka at der var plass for oss då vi etternølarane kom. Det tok litt tid før den tinga maten kom på bordet, men det var godt å sitje ned og la føtene kvile, medan vi drøfta vegen vidare. Frå omtaler av  camino'en som vi hadde lest, så byrja ein lang og bratt bakke ikkje mange meterane frå Bar Julie. Nærast ein monsterbakke ut frå det mange pilegrimar hadde skrive på verdsveven. Vel tohundre høgdemeter på knapt to kilometer. To av oss hadde ikkje heilt gode føter og ville tinge bilskyss fram til overnattingsstaden, og den tredje slo fylgje, så da var vi tre att som skulle erfare kva denne "monsterbakken" hadde å by. Og med ei noko dårleg erfaring i bakhovudet frå siste vandringsdagen på Olavsvegen, var eg og rimeleg spent.
Men Bar Julia hadde meir å by meg. Eg og spanske dører er ikkje alltid heilt på lag. Det har hendt nokre gonger på vandringa mot Santiago at lave dørkarmar har prøvt å høvle bort litt av skallen min. Slik og i Bar Julia. Det small godt då eg stanga topploket inn i dørkarmen. Det var ein i skrifta som såg sol og måne og elleve stjerner bøye seg for han. Eg såg dei danse der eg kom meg attende til bordet og fekk setje meg ned med hovudet i hendene. Så høyrer eg rundt meg forskrekka røyster. "Du blør.", og då eg ser på hendene har fingrane fått ein ikkje liten dåm av raudt på seg, og eg kjenner noko renn ned i panna mi.
Ungguten bak disken vert noko oppskjørta av hendinga, og undrast på kva hjelp han kan yte. Men eg trøystar han med at det er ikkje noko farleg, eg har vore bort i slikt før, medan mi kjære prøver så godt ho kan å stagge blodet. Noko som lukkast etter kvart.


Vi møtte eit av dei høge søylekorsa denne dagen og, men det var etter  "monsterbakken". Jau, bratt var han, men ikkje uoverkomeleg. I alle fall ikkje for dei som har møtt slike bakkar før i fjella heime. To hundre meter frå Bar Julia byrja han, og beint opp lia gjekk det. Og bratt. Eit stykke oppe i lia låg der ei lita kyrkje ved vegen, og på gjerdet ved kyrkja var det sett opp ein plakat med telefonnummer som ein kunne ringe om ein kjende at dette vart for hardt, og at ein trong å få drosje på resten av etappa. Etter kyrkja gjekk det framleis rett opp lia til oppe ved siste tuna, då gjorde vegen ein sving til høgre bortover lia, og så ein sving attende til venstre, men framleis med god stigning. Det var då mi kjære byrja å krysse seg fram oppover. Så ved siste huset var det slutt på asfalten, og vi kom inn på ein skogsveg vidare oppover. Det slakka litt av på stigninga etter kvart som vi nærma oss toppen av bakken, men då hadde vi lagt bak oss ei stigning på vel trehundre meter. Og eg hadde klart det rimeleg bra, trass i at eg har vore rimeleg varsam med førehandstreninga mi dei siste månadane.


Men vi var ikkje i mål med å ha overvunne bakken, Det låg framleis eit par landsbyar att, og vi skulle krysse over motorvegen som går nord/syd. Trafikken der var råd å høyre på god avstand, så heldigvis kunne vi krysse den på ei brua høgt over trafikken. Det er eit grøderikt og grønt landskap sydover dalane i Galisia, med store marker rundt landsbyane, men og store areal med nye eukalystustre. Reine eukalyptusfarmane. Kva er det brukar denne treslaget,  som der er så store skogar i Galisia, til?  Endeleg. Seint ut på ettermiddagen kom vi til Bruma, men kvar var Meson Novo dit vi skulle? Inne i landsbyen vi var i, var den ikkje. På vårt spørsmål peika kvinna på ei høg radiomast som raga over åsen i horisonten. Kanskje eit par kilometer borte. "Dit skal de, dit masta de ser er. Og ta av den vegen der borte", peika ho ut. Så var det nye bakkar å gå. Underleg. Når eg ser enden på dagen si vandring vert brått bakkane så tunge. Eg slit med å halde fylgje med mi kjære, og det endå det ikkje er lange og bratte bakkar i det heile. Difor kom eg i mål som den siste denne dagen, trøtt og sliten i føtene, og etter 30 kilometer kunne eg endeleg legge meg på senga og kvile min trøytte kropp.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar