tirsdag 8. juli 2014

Morgonvitjing

Det er tidleg morgon. Skyene som låg over fjordbygda har byrja sprekke opp. Blå himmel kjem fram og morgonsola skin inn over meg der eg sit på verandaen framfor stova, med føtene på rekkverket.
Med meg har eg kaffikoppen og den tjukke boka til N T Wright om Paulus sin teologi. Det vert ikkje så mykje lesing, eg vert ofte avbroten av tankar i denne stille solfylte morgonstunda, medan eg nyt den varme kaffien.
 Ein herleg sommarmorgon ved fjorden. Vel fjorden. Trea i bakken nedfor verandaen har vokse seg så store at det er ikkje mykje att av å sjå fjorden. Berre eit par små opningar i alt lauvet. Eg må vel til med motorsag etter kvart så utsynet betrar seg her nede på grunnplanet.
Eit av trea er ein raudhyll. Den var full av gulkvite blomar tidlegare i vår. No har dei gått over til raude bærklasar. Men denne morgonen såg eg att det hadde minka sterk på dei raude bæra sidan i går. Årsak? Det såg ut for at hyllen var treft av ei sterkt lokal vindbyge, for greinene var i stendig uro. Det var småfugl som var på matauk på den. Hoppa rundt og plukka bær. Flaug bort ein tur, og kom så att til nye runder i busken.
Brått sit den ein på rekkverket ved føtene min, ser på meg og stemmer opp ein liten konsert framfor augene mine.
Kva var det han ville sei tru? Takka han for bæra i busken, eller bad han om at eg ikkje måtte sage den ned?
Så var han attende i busken på ei ny runde med bærplukking, og eg sat undrande og takksam attende for vitjinga og konserten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar