onsdag 9. juli 2014

Frå Neda til Pontedeume



Ein overskya, grå, morgon. Men heldigvis utan regn då mi kjære ikkje hadde med seg anna regnkle enn ein poncho. Etter erfaringa første dagen på Olavsvegen og den kraftige regnelingen der, hadde eg stressa rundt i Ferrol for å få kjøpt ei regnbukse til henne, utan å lukkast. I dag var det Pontedeume som var endemålet. I går vandra vi innover på nordsida av Ferrolfjorden, og idag var det sydsida som stod for tur. I alle fall eit del av vandringa. Det går eit par bruer over fjorden, men dei er for jarnvegen og bilar, ikkje for vandrar som oss.Då vi kom til ei av dei ved eit stort verft, kunne vi sjå rett over til Ferrol der vi starta i går tidleg, berre nokre få hundre meter borte på andre sida av fjorden.

Litt artig var det og i Neda å kome inn i ei gate der det gjekk ein open kanal for overflatevatn midt i gata, berre dekt av steinheller. Det gav meg ei kjensle av at slik måtte det ha vore i alle byar i tidlegare tider. Før alt vert gøymt under jorda.
Men snart bøyer caminoen av frå fjorden. Vi skal over ein ås til neste fjord der Pontedeume ligg. Det er tid for ein pause før vi startar på bakkane opp. Ein bar ligg rett ved vegen, og vi stimar inn. Kaffi og andre nødvendige ærend må utførast.
Men  då dukkar problemet opp. Barverten har ikkje vekslepengar så tidleg på morgonen og vi har berre store sedlar. Kva no? Då er det galisisk gjestfridom slær inn. Sjølvsagt skal pilegrimane få sin kaffi, på huset si regning.


Så byrjar vi på bakkane opp frå fjorden, og etter kvart legg vi villastrøka bak oss og kjem inn i meir landlege område, med gardar spreidt utover, små landsbyar, jorder og skog. Furu og eukalyptus er det mest av, og der eukalyptusplantasjane skil seg ut med sine geledd av tre. Høgreiste og slanke opp mot trekronene langt der oppe. Midt oppe på høgste åsen kjem vi inn i eit stort industriområde, og her finn vi ein stor kafeteria og restaurant. Med moderne toalett. Ikkje berre med eit hol i golvet. Det er greit nok for meg som kar som kan stå, men eg undrast korleis det andre kjønnet handterar det. Ein skal i alle fall ikkje ha dårlege kne for å utføre sine ærend. Mi svigermor som siste åra hadde ein stiv fot, hadde nok fortvila dersom ho hadde møtt noko slikt når behovet var stort. Men lat toalett vere toalett, Her på restauranten får vi både kvild, kaffi og god mat før ferda går vidare mellom dei store bygningane og inn i skogen att. Delvis på vegar, men og på skogsvegar med betre botn å gå på enn asfalt, berre det ikkje hadde vore for mykje trafikk av tunge skogsmaskiner i det siste. For det var store hogstfelt somme stadar, og store lunnar med furu og eukaluptusstokkar som venta på uttransport.

Men så tok skogen slutt, og det gjekk nedover att, ned bakkane til fjorden og den store sandstranda ved Ria de Ares, Aresfjorden. Her var det stor aktivitet. Fleire bussar stod parkert ved vegen, og på stranda var det mange skuleborn i full aktivitet. Det gjekk eit parkområde med store furutre bortover langs stranda, før caminoen svinga av oppover langs munningen av elva Eume. 
Og så låg ho der den lange brua som førde oss over til Pontedeume på andre sida, og her låg småbåtane ankra opp tett i tett. Brua hadde opphaveleg 1116 brubogar med eit kapell midt på.
Pontedeume tyder Brua over Eume, og ligg på vestsida av fjorden og elvemunningen, og oppover bakkane mot åsen bak. Ein moderne by med eit gamalt bysenter med trange gater oppover  i lia..

Etter litt leiting fann vi rette gata til staden der vi hadde tinga oss hus for natta. Det låg ved eit stor open plass, og det varde ikkje lenge før mine medvandrar hadde funne seg stolar og sette seg i solveggen for å nyte sola og varmen der. Sjølv hadde eg lite ro til å sitje, så det vart nokre turar rundt i gatene for å glane på omgjevnadane.




Pontedeume har ikkje så mykje av gamalt å syne fram utanom dei trivelege, smale gatene oppover i lia. Ved plassen der vi overnatta låg der eit gamalt kloster som no var teke i bruk til andre føremål. Litt lenger borte ei lita kyrkje og som i tillleg var open. Lenger oppe i lia ei større gamal kyrkje vigsla Santiago Matamoros, det var i alle fall han som trona over hovedinngangen. Men midt i sentrum, ved stranda, ligg der eit gamalt massivt tårn. Andreadetårnet frå 1400-talet, reist av ein av byen sine mektige den gongen.






Pontedeume

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar