Der ligg ein " norsk" veg og ventar nord i Spania på norske vandrarar. Det er Camino de San Olav. Ein fredlega veg i eit roleg spansk landbruksområde med små og hyggelege landsbyar. 6 mil frå den vakre og spennande byen Burgos og sørover til den vesle freda byen Covarrubias med sin vakre gamleby. Byen der kong Håkon Håkon si dotter, Kristina av Tunsberg er gravlagd, og der St. Olav's kapellet ho vart lovd, no er reist eit par kilometer utanfor byen.
Pilegrimspassert har og ei grafisk framstilling av topografien etter vegen, og som ein ser er der ikkje mange bratte og lange bakkar. Berre den siste kneika før ein er i mål. Men ho er ikkje uoverstigeleg for ein som har hatt lengre og brattare bakkar å gå før.
Så norske pilegrimar, og andre vandrarar. Kvifor ikkje setje av ei veke i nord-Spania, og legge turen om Burgos for å vandre ei to til tre dagar på Camino de San Olav, Vandringa er vel verdt å få vitjing av fleire frå våre kantar av verda. Seier Camino de San Olav vandrar Harald.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar