Det neste på programmat var å finne hotellet vårt ikkje langt frå katedralen, og instalere oss på roma våre og få sekkane av ryggen, før dei to nye i byen kunne få sjå inn i katedralen. Vi prøvde å få oss pilegrimsbilettar inn (redusert pris), men nei, det var ikkje råd. Vi måtte hatt stempel frå minst ein dags vandring før Burgos for å få det, og dessutan var ikkje vandrarar på Olavsvegen pilegrimar. Ekte pilegrimar vart berre rekna dei som gjekk vegen til Santiago de Compostela, må vite. Alle andre vegar var berre fjusk og fanteri. Ja, ja, han om det. Men inn kom vi , og katedralen fekk vi vandre gjennom. Med alle sine kapell og all sin vakre og overveldande kyrkjekunst.
Det sopa kald vind frå nord gjennom gatene i Burgos denne dagen, og det var ikkje lange opphalda mellom regnelingane, så det vart ikkje mykje anna å gjere etter katedralen enn å haste gatelangs for å få litt mat i kroppen, og å kome seg innandørs på hotellet for å førebu oss på morgondagen. Men den spanske værmeldinga på TV lova ikkje så godt for morgondagen, regn og torebyger over heile Nord-Spania. Det kunne verte ein lite triveleg førstedag av vandringa sørover den castillianske landsbygda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar