lørdag 21. juni 2014

Quintanilla de las Viñas

Så rann siste vandringsdagen vår på Camino de San Olav. Den tredje dagen rann med sol over landskapet. Etter frukost bar det ut av landsbyen og opp på åsen att eit stykke før det igjen halla ned til det siste store slettelandet, og ein liten landsby nede ved foten av åsen. Vi var komne til Larabygdene, og den vesle landsbyen heitte Cubillejo de Lara. Den var ikkje stor, berrre 11 personar budde her i 2007, så også her var det nok mange helge og feriehus. Men opplysingsskiltet borte ved kyrkja fortalde at her kunne vi sjå mykje interessant, som Dolmen, ei 5000 år gamal steinkransa grav, og på vegen ut gjekk vi forbi ein annna mindre grav, hoggen ned i berget, frå visigotisk tid.



Men vi var nøgde med ein liten kik på kyrkja og relieffet over kyrkjedøra. Der var det St. Martin av Tour det var bilde av, i det han gir kappa si til ein fattig arming. Men inn fekk vi ikkje kome, døra var stengd.

Langt i det fjerne såg vi fjellrekka vi skulle over for å kome ned til San Olav's kapellet i Ulvedalen ved Covarrubias. Men først skulle vi inn om to landsbyar til. Området her er noko av Castillia, og med det dagen sitt Spania si vogge.
Etter nokre kilometer dukka den første opp. Det var Quintanilla de las Viñas. Heller ikkje store landsbyen, om enn noko større enn den andre. Eit forsøk på å finne ein open bar var nyttelaust, den var vekestengd. Men staden er kjend for ei gamal visigotisk kyrkje. Eller rettare sagt det som att av den. Fram til 1927 vart ho brukt som hegn for kveg, men er no eit nasjonalt minnesmerke og restaurert. Det var mitt store ynskje å sjå den, men så var det å finne den. Eit forsøk på torget på å få ei anvisning på kvar den var å finne, og kor langt det var enda med forvirring. Å skjøne spansk er ikkje så lett for ein nordmann. Fort gjekk det, og få ord kunne eg. Så eg måtte berre gi opp det ynskjet, og byrja å gå vidare mot neste landsby, ein stad borte under fjella.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar