lørdag 14. juni 2014

De los Ausines

Det var litt regn i lufta då vi braut opp neste morgon for ein ny dag med vandring, men himmelen over landsbyen synte at det var von om sol utover dagen. Spanske frukostar er ikkje alltid det heilt store å starte ein dag på for ein nordboar som er van med kraftigare kost, men ein får berre vone på opne barar i landsbyane framover.
Vegen bar opp over ein ås. Litt sti gjennomjordbrukslandet, og litt grusa jordbruksvegar. Etter kvart som vi kom høgre og fekk utsyn, fekk vi sjå kor store og samanhangande dei var åkrane og markene  rundt landsbyane. Det var tydeleg at her var det basert på stordrift. Vegen bar innover åsen, og det var lett å gå. Eit stykke lenger framme vart vi litt i tvil om kvar det bar. Vegmerket var ikkje eintydig. Det syntest på vise veg ned langs eit stort steinbrot, mot ein større landsby nede på flata. Eg gjekk litt nedover, men såg ikkje noko lei der, så vi valde å fylgje vegen vidare innover åsen.
På venstre sida av vegen var det bratte floget ned mot ein liten landsby i dalbotnen. På toppen av ein rund haug ved landsbyen såg eg noko som likna restene av ei gamal bygdeborg. Så runda vi ein sving på vegen, og framfor oss låg ei lita kyrkje. Ved den, i solveggen, og i le for vinden, sette vi oss, åt litt medbragt, og hadde vår vesle morgonandakt.  Då hadde vi vore undervegs vel ein time alt og sola skein frå ein klår og blå himmel.
Under oss låg Ausines-landsbyane. Tre i talet. Den største hadde vi sett under steinbrotet, og då vi kom ned frå åsen, kom vi inn i den vesle landsbyen San Juan. Litt lenger framme svinga vegen så vi kom over på andre sida av åsen, under dei bratte floga som den vesle kyrkje låg oppe på kanten av. Her ved den tredje landsbyen Sopeña svinga vegen frå sørleg retning til austleg, og vi vandra mellom store åkrar mot neste landsby der vi vona på open pub, kaffi og mat.

Los Ausines

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar