tirsdag 17. juni 2014

Huevo.

Det nærma seg middagstid då vi kom fram til neste landsby, Revilla del Campo. Ein litt større landsby med omlag 100 innbyggare.Her skulle det vere open bar, og med det von om å få seg noko å styrkje seg på. Leiarkvinna vår låg som vanleg først, og ho hadde spurt seg føre, og var på veg mot kyrkja, då vi andre protesterte, og synte til vegmerke og skilt som synte til bar nede ved elva i den gamle jarnvegsstasjonen. Og der var det bar, men den var vel stengd. Open berre i helgene. Så då var det berre å snu nasen mot kyrkja i vona om at den baren var open, og det var den. Sekkane kom av, og kvinnene steig inn. Sjølv tok eg meg ein liten snartur opp til kyrkja på bakken bak baren. Eg rekna ikkje med at den var open. Desse landsbykyrkjene er vel stengde, men eg må likevel ta ein tur til dei for å sjå om der er noko interessant utvendig. Og her var der eit tympanum over døra. Nedtakinga frå krossen, og over held Gud Fader auge med det som skjer.
 Då eg kom attende til baren var kvinnene i ferd med å fullføre tinginga av maten. Mi kjære hadde tinga meg kaffi, så det var i orden. Den eldre kvinna bak disken rettar eit spørsmål på spansk, og eg oppfattar "huevo frito" medan ho lyfter handa med eit egg. "Si" vert det svara. Og egg vert det. Steikte egg, sterk spansk pølse og gamalt, turt brød. Og egga strøymer på. Vi prøver å sei det er nok, men stadig fleire speilegg kjem på bordet.  Men til slutt var det visst nok for henne og.
Vegen vidare til neste landsby var lett å gå gjennom eit vidt jordbruksland, men Quintanalara synte seg å vere stille og folketom. Store landsbyen var det ikkje heller. Vi tok ein rast på ei trapp ved torget og såg på omgjevnadane, Den stengde kyrkja, og husa rundt oss. Eit par av dei såg det ut til å vere folk i, men dei fleste hadde skodder for vindauga og stengde dører. Fleire av dei var godt vedlikeheldne, men der var og hus som hadde falle saman. Etter landsbyen steig vegen oppover ei li og vi fekk eit vidt utsyn over landskapet rundt landsbyen. Store og opne marker og åkrar så langt vi såg.
Quintanalara
Oppe på åsen fekk vi eit nytt slag lende å gå i. Eit ope skogslandskap med mykje eiketre, men og andre tresortar, og med mykje blomar bortover åsen mellom trea. Vandringa bortover var ei triveleg vandring som fyllte ein med fred og glede over dagen, naturen og fellesskapet i gruppa vår.
Men alt har ein ende. St.Olavsvegen vende seg ned av åsen og inn i neste landsby, der vi hadde tinga oss overnatting.



Revilla del Campo





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar