torsdag 12. juni 2014

Umøblert landskap.

Det er kjøleg regn når vi vandrar ut av Burgos, sørover Camino de San Olav. Det er eit gamalt jarnvegsspor vi fylgjer. I starten er det fast dekke på vegen, og vi møter nokre som er ute på sin morgontur i regnet, men til lenger vi kjem frå byen, til færre vert det på vegen, til slutt er vi åleine vandrarar. Etter nokre kilometer vert asfalten bytt ut med grus, noko som er betre for vandrarføter. Vegen går i eit roleg landskap, små skogkrullar og store åpne marker og kornåkrar mellom dei lave åsane. Vegen vi gjekk er og ein annan camino, Camino el Cid som går heilt ut til kysten i aust, og den er og ein populær sykkelveg, men vi såg ikkje mange av dei på to hjul heller. Etter nokre kilometer kom vi til den første landsbyen på vegen vår, Cardiñadijo, og her skulle det vere ein bar, og med det råd å få seg ein kaffipause. Ei kvinne i første huset meinte han var stengt, men vi tok sjangsen , leita oss fram og fann den open. Og då var det godt å få av sekkar og regnkle, og få seg ein kopp varm kaffi til å leske seg på før det var ut at i regnet for nye kilometer etter vegen.

Regnet letta etter kvart, men det var framleis ein kjøleg vind, så det var godt å ha kle som helt oss varme der vi gjekk i det umøblerte landskapet. Umøblert landskap? Kva er det? Ikkje godt å sei, men uttrykket er henta frå ei google-omsetting til norsk av den spanske informasjonen om Sankt Olavs vegen i Spania. Det tyder vel noko slikt som at der er lite vegetasjon og få hus utanom dei få landsbyane. Med andre ord eit ope landskap. 
Men vi går ikkje rett fram og den kortaste vegen i dette umøblerte landskapet. Vegen svingar snart hit og så dit før den neste landsbyen , Modubar de la Emparedada, dukkar opp nede i eit lite dalsøkk. Regnet har så smått byrja dra seg undan, og også her er baren open. Vi har alt gått i fleire timar, og det er tid for å få i seg litt mat. Det gjer godt å få av sekk og poncho, tinge seg ein kaffi kopp og ein bocadillo, finne seg eit bord og nyte kvila. I sær for meg som kom vandrande inn lignande på eit seglskip i kraftig sidevind, etter at skulderreimane på sekken hadde forskove seg. Det grip mi kjære fatt i og sørger for at eg kjem i balanse att. Dei er gode å ha desse kvinnene som har attelet for den einaste hanen i laget.

Men snart er vi vandring att. I eit vegkryss ser vi ikkje merkepålen som står godt gøymt mellom plantene i vegkanten. Det vert nokre meter ekstra, men lokale hjelper oss på rett veg att mot neste landsby, Modubar de la Cuesta. Vi ser ikkje mykje liv i den landsbyen, der vi sit på benkane ved rådhuset, før ein eldre mann kjem køyrande, parkerar og forsvinn inn ei dør. Der var det visst open bar, men det får vere. Vi har endå langt å gå før vi er framme i den tredje modubaren, Modubar de San Cibrian. Der har vi tinga oss husrom for natta. Men før vi kjem så langt må eg på med ponchoen att. På siste stykke inn mot landsbyen kjem ein kraftig floing med vind og regn. Den siste av det slaget på vandringa.
Vel i hus får vi tildelt våre rom med gode senger. Det vert ein minnerik kveld med ei vertinnne som snakkar berre spansk, med som ikkje let seg hindre av det.
 
Modubar de la Emparedada
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar