tirsdag 24. juni 2014

Over sletta og åsen til Covarrubias


Rett etter landsbyen står der eit skilt i vegkanten om noko som interesserer mange born i dag. Dinosaurar. Dei har vandra i området her langt attende i tida, og då sette dei spor etter seg i grunnen, og det er det skiltet viser til, dinosaurspor. Men vi skal vidare. Framfor oss ligg den lange sletta mot neste landsby borte under fjella i vest, Mambrillas de Lara. Der Olavsvegen går er det åkrar på begge sider, nokre nypløygde, andre er grøne og tette av strå. Vegen går ned eit lite søkk, så fylgjer ein liten bakke, nye søkk, nye bakkar. Landsbyen er ikkje å sjå, berre vegen som strekkjer seg fram over sletta. Så, i det vi kjem over ein ny bakketopp ligg han der eit stykke framfor oss. Der ventar tinga varm lunsj, spansk potetomelett og blodpølse. 


Etter maten vil dei syne oss kyrkja som dei var svært stolte av. Den har mykje gamal kyrkjekunst. Meir enn vanleg, for då eit gamalt kloster i nærleiken vart teken ut av bruk, vart inventaret spreidt rundt om på kyrkjene i nærleiken.
Men framfor ligg lia vi skal opp, ei godt tohundre høgdemeter opp på åsen. Og så over den og ned på andre sida til dalbotnen der  Olavskapellet ligg.
Eremita de San Olav ligg inne i ein dalbotn eit par kilometer utanfor Covarrubias, og oppover bak kapellet er lia grøn av eiketre. Mellom kapellet og klokketårnet er det laga til eit amfi der scena er innebygd i kapelle. Slik kan kapellet nyttast i fleire samanhangar enn  gudstenester. Mellom anna skipar dei til mange konsertar i og ved kapellet. Nokre dagar etter vi var der, skulle der vere ein konsert med ein norsk fiolinist.  Innvendig går der nokre store taksperrer frå alteret og attende til inngangspartiet av salen. Dei er forma som skipskjølar. Dessutan har kyrkja, både utvendig og innvendig mange symbol som peikar attende til Heilag Olav sin død på Stiklestad i 1030.
Og i gangen inn til kyrkjeskipet heng der to store plansjar på kvar side. To med norsk tekst, dei andre på spansk. Dei fortel soga om prinsesse Kristina, og om Heilag Olav.

 


Etter eit par kilometer med vandring att kom vi inn til husa i Covarrubias, og kunne gå inn gjennom byporten, inn til den freda gamlebyen med sine gamle, kvite, hus og sine tronge gater og vide torg. Og med skarer av andre på vitjing i byen.
Neste dag var det vitjing av prinsesse Kristina sitt sarkofag i søylegangen rundt klosterhagen inne i klosteret, og statua av henne der ho står utanfor kyrkja.
Vandringa vår på Camino de San Olav var over.  Så var det berre å nyte byen og sola fram til bussen gjekk attende til Burgos om kvelden. Neste dag sette vi oss på toget vestover. Over mesetaen og fjella inn i Galisia sine grøne dalar, Fram til kysten på det nord-vestre hjørnet av Spania. Til byen Ferrol. Der skulle våre neste vandring ta til. Denne gongen Camino Ingles. Den engelske vegen, men kanskje like mykje den nordiske vegen. Men det er ei anna soge.



Covarrubias
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar