No skal eg ikkje uttale meg om sed og skikk i Marokko, til det har eg sett for lite av det. Men dei få gravstadane eg såg medan bussen køyrde forbi dei små brunraude landsbyane, må nok kome inn under unntaka. Eg er redd for at om dei kyrkjegardane eg hadde ansvaret for, hadde sett ut som dei, då hadde eg nok fått kraftig kritikk, både offentleg og direkte refs. Men folk sine kjensler overfor graver er ikkje det same i alle land, så ein skal vere varsam med å døme.
Men ein skilde seg sterkt ut i høve til dei andre eg såg. Det, i tillegg til at det er ei av Marrakech sine største attraksjonar.
I tillegg så er det ein gravstad som var gløymd i mange hundre år. Frå 1672 til 1917, endå den ligg rett innanfor murane til medinaen.
I 1917 var det franskmennene som var herrar i Marrakech, og dei ville ha bilete av byen sin medina frå lufta, og då vart det oppdaga eit ukjent område bak høge murar. Det var saadi-gravene.
Bussen stansar utanfor ein av desse vakre portane i bymuren. Ja, dei er vakre og ulike dei mange portane i den gamle byen. Eg kunne stå lange stunder å nyte synet av korleis dei er forma og smykka. Vel inne bak muren går vi eit lite stykke før der er ein ny port, og bak den trange gater og smug, og så er vi inne i ein liten hage bak høge murar. På det grøne graset ligg det flate, flisdekte heller. Det er gravene til tenarane og soldatane.
I eit hjørne ligg eit raudt hus med opne portar inn i huset.
Inne i denne bygninga ligg gravene frå saadi-familien. Utanfor i hagen er dei andre gravene. Nokre med flat topp, andre med ein slags kjøl, og alle dekorete med fajansefliser.
Dei flate er kvinnegraver, medan dei med kjøl er mannsgraver.
Saadi var ein stor persisk tenkar og poet, ein sufi. og truleg var dette dynastiet sterkt påvirka av Saadi sine tankar, og gjorde at sufismen kom inn i Marokko. Den største av saadidynastiet var Ahmad al-Mansour (1578-1603)
Innvendig er bygningen pryda med søyler, vakker fajansemosaikk, stukkatur og sedertre.
Eg kan ikkje kalle det anna enn fagert dekorasjonsarbeid.