Seinsommarferie på høgfjellet. Det har vi to hatt denne siste veka. 1000 m over havet. På hotellet ved Rødungen i Hallingdal. I vakker natur er det råd å få å flytte føtene på gode stiar utan å verte heilt utsliten, og det nytta vi oss av. Her ser vi hotellet og fjellkyrkja på Rødungsstølen, med Hallingsskarvet i sør. Hadde eg vendt meg mot nord så hadde eg sett fjellrekka Reineskarvet reise sin bratte vegg, og hadde eg vendt meg mot vest så var det fjella i Skarveheimen, vel to mil borte, eg ville ha sett. Vi køyrde inn til dei ein dag regnet truga. Inn til stølen Djup, og endå litt leger. Heilt til vegen enda under fjella. Ein annan dag var vi på rundtur med buss på smale og svingete vegar. Vitja ei seter i Fagerdalen. Med servering av setermat, rjomegrat og kviukakor, og der budeia underheldt med soger og toraderspel. Og med høve til å kjøpe lokal setermat etterpå.
Men det var og ei veke med gode og tankevekkande bibeltimar, triveleg programkveldar, og med og næringsrik og god mat i alle måltid. Og ikkje minst med godt lag. Men alt har ein ende. Ei veke går fort, og mandag var det tid for å takke for laget, og å setje kursen attende til fjorden mellom fjella, og regnet, og plenen som venta med alt for langt gras.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar