mandag 24. juni 2013

Heite dagar


Det må erkjennast. Endå eit av mine sterke prinsipp har falle. Denne gongen gjaldt det kva eg skal gjer under ein tur til varmare egne enn våre våte kystar. Å ligge på ei solseng ved eit basseng og berre drage meg meinte eg var heilt usannsynleg kom til å hende. Men no har det hendt. I ei veke har mi kjære og eg vore saman med son, svigerdotter og tre små på bade og solingstur i Tyrkia. Og det vart heite dagar, og varme (og klamme) netter. Når eg vakna om morgonen viste temperaturen 28 grader+, som så steig til 38+ ut på ettermiddagen. Og når det var sol frå klår himmel, og knapt nok eit vinddrag i lufta, då vart min aktivitet avgrensa til å finne skugge, og avkjølingsturar i bassenget med jamne mellomrom. Der var temperaturen trass alt berre 29-30gr+. Jau, eg prøvde stranda og bylgjene i Middelhavet sitt vatn, men det vart mest på solsenga ved "poolen" eg heldt meg. Helst utan å måtte sole meg, om det var råd.
Og det må også erkjennast. Eg naut desse late dagane i fulle drag. I stille ro og fred? Tja, det kan nok diskuterast. Med mengder av barn, og vaksne, i aktiv badeleik i bassenget, var det nok alt anna enn stilt. Lydnivået var så høgt at varsel om innkomande mobilsamtaler nådde ikkje fram til gode øyrer. Og våre tre små gjorde store framsteg i sin omgang med det våte elementet. Dei byrja litt prøvande i det minste bassenget, avanserte oppover til bassenget med vassklia, til dei var klar for det store med sitt yrande liv.
Og  når kvelden kom, og vi drog oss attende til husværet, så sat vi i dei varme kveldane på den vesle verandaen, høyrde på sirissane sin musikk frå palmekronene, og såg utover restaurantdelen av hotellet, og det blå bassenget., høyrde på susen av bylgjene mot stranda lenger nede, medan den veksande månen hekk over havet i sør.
Kva har eg så sett av Tyrkia. Ingen ting. Mørkt var det når vi kom, og mørkt var det når vi drog. Berre denne vesle bukta Pascha Bay, omkransa av sine badehotell har eg sett, men her hadde vi gode, om enn heite dagar.
Mi kjære og eg skulle igrunnen gått pilegrim frå Kinn til Selja, men vi måtte avlyse den. I staden vart det varmen i Tyrkia for å sjå om eg klarte å betre helsa mi, og verte kvitt ein trasig hoste.
Varmen gjorde godt, men hosten dukka opp att når eg var attende i vårt kjølegare og våtare klima.
Men endå eit av mine bastante prinsipp har ramla saman. Akk ja, det må vere alderen.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar