søndag 31. mars 2013

Påskedag

Det er snøar ute. Var det ikkje vår vi skulle få no, og ikkje meir av dette kvite?
Nett heimkomen frå påskegudsteneste såg eg at her må eg snart fram med snøfresen.
Slik var det ikkje påskemorgonen i Jerusalem. Før lyden frå bukkehorna lydde frå tempelmuren og varsla at sabbaten var over, var nokre kvinner på veg til grava for å stelle den døde etter jødisk sed og skikk. Det dei ikkje fekk gjort før påskesabbaten gjekk inn.
Deira store spørsmål var kven dei skulle få til å ta bort den tunge steinen som stengde gravopninga.
Då ser dei at steinen er velta frå. Kva har hendt?
Undrande bøyer dei seg og ser inn.
Grava er tom!
Og der sit det ein ung mann i kvite klede.
Leitar de etter Jesus? spør han. Han er ikkje her. Han har stått opp.

Dei fire evangelia har ulike versjonar av kva som hende denne morgonen i gravhagen ved ei tom grav. Men det er vel ikkje så underleg igrunnen. Alle hendingar vert attfortalt ulike, ut frå kven som fortel om kva han/ho opplevde. Men det er ikkje mange hendingar for totusen år sidan som er så godt bevitna som denne hendinga. 
Og det som står fast gjennom alle fire sine attforteljingar av denne morgonen er at han som verkeleg hadde døydd på krossen, og som i tillegg hadde fått eit spydstikk inn i hjartet, han var ikkje lenger å finne liggande i grava. Berre likkledet og andletduken låg att etter han.

Døde skal ikkje verte levande att. Dei døde er og vert døde. Er det underleg at kvinnene vart redde og rømde der ifrå? Det er heller ikkje underleg at mange har prøvt seg på andre forklaringar ned gjennom århundra, slik det og hende denne morgonen då kvinne trudde einkvan hadde flytta han bort frå grava.
Mellom noko av det eldste skrivne i Nytestamentet finn vi Paulus sine ord om alle dei som fekk sjå den oppstadne. Ein gong var dei fem hundre, skriv han, og av dei levde mange av dei framleis då Paulus skreiv.
Finst det handfaste bevis for oppstoda? Nei her er det berre tilliten og trua som viser oss den oppstadne, og erfaringa av alle som har møtt han i sine liv.
Jau eit bevis er der, Likkledet i Torino. Men det er svært omstridt og gjenstand for mange vitskaplege undersøkingar og debatt. Igjen er det trua som opnar for at dette nok er vårt einaste synlege bevis.
Men treng vi det?
Eg har nok med det Anden syner meg gjennom Ordet, og som eg i tru og tillit får bygge mitt liv på. For som og Paulus skriv at dersom Jesus ikkje stod opp att, så er mi tru gagnlaus og null verdt, men legg han til; Men NO er Kristus stått opp.
God påske i oppstoda sitt klåre morgonlys over ei tom grav.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar