mandag 1. april 2013

Påskehøgtida over ... nesten

Berre nesten. Det er morgonstill andredagen. Skiftet til sommartid sit litt i kroppen endå, men det det varer ikkje mange dagane. Ute er det overskya med temperatur rundt 0,  men utan nedbør. Berre eit milimeter tynt lag er kome sidan spaden var framme i går, omlag kl.14.
Og så er det 1.april i dag. Ein ny månad. Vonar at våren snart er her.
Kva har eg å sjå fram i denne månaden tru?
Ikkje så mykje på blokka, men noko er det. Y's men klubb på mandag. Det minkar på mi presidentperiode i den klubben. Til somaren er det ein annan som tek over. Litt seinare er eg innkalla til sjukehuset for å prøve den nye CT-maskina dei har fått montert opp. Reknar ikkje med at dei finn noko ny uyvikling til det verre i lungene. Og skal det verte betre, så er det berre mitt ansvar. Då må eg ut å gå, Berre det vert litt varmare i været. Då er det nok litt verre med tanngaren. Der har eg nok inga topplasering, men ein må vel prøve å ta vare på den amalganen som er att, Det minkar litt kvar gong eg er i tannlegestolen. Plasten rykkjer inn i staden, men eg er ikkje trygg på at den har same slitestyrke og kvalitet. Og så har min gamle tannlegen avslutta og overlete kontoret til ein yngre kar. Litt spanande å finne ut kor han kan handtere bor m.m.
Men det som opptek meg mest er gudstenesta eg har sagt ja til å ta ut i månaden.
Ved dei siste tre eg har hatt, har eg vore så heldig at eg har gått in i dei med ferdig utarbeidd liturgi og agendaer. Salmevalga har eg slept å vri hovudet med, berre preika har vore att. Men det er ikkje alltid eit berre. Heldigvis så er utgangspunktet, teksta, utanfor fritt val. Det er berre å finne orda ein skal sei. Og det er ikkje gjort i ei handvending for denne karen.
Eg misunner litt dei som kan sei; " På veg til kyrkje i dag kom dette ordet til meg..", og så strøymer orda ut. Eller som brukar nokre timar søndag morgon, og så er alt klart.
Eg må ha alt, kvart einaste ord sett ned på papiret, og grundig evaluert i dagevis før. Heldigvis lærde eg å avgrense meg i mi vikartid i Herøy. Frå preikeplassen i koret ser ein det meste av reaksjonar, og når enkelte vert fjerne i blikket, eller prøver å gøyme geispen bak ei hand, då skjønar ein at no skulle ein ha runda av. Men når dei ikkje lenger prøver å gøyme geispen ein gong, då skjønar ein at no er det nok. Slutt.
Så no vert det gudstenesteverkstad og preikeverkstad i mitt hovudet i dagane framover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar