mandag 11. mars 2013

Dalsfjord kyrkje

Under ein høg og blå marshimmel tok eg turen over Voldsfjorden til Dalsfjord kyrkje på Ytre Dravlaus. Eg hadde lova å leie gudstenesta der som vikar for soknepresten, som var hindra denne søndagen. Og når ein får so og seie alt ferdig opp i hendene, det er berre preika over teksta "Eg er det levande brødet" ein må arbeide med, då kan ein mest ikkje sei nei til tenesta.
Men det er alltid med nokre sommarfuglar i magen eg stiller meg fram på denne måte.

Dalsfjord sokn vart skild frå Volda sokn i 1910, og då vart og kyrkja reist på neset inne i fjorden.
Det er langskipskyrkje i tre, slik mange av kyrkjene som vart reiste rundt det århundreskiftet var.
Frå gamalt av stod der ein trekross i same bygda, der folk kunne samlast  til gudsteneste, og som og var ein stad der ein kunne verte påminna om Frelsaren. Endå inn på 1800-talet kunne ein sjå Krossen på Dale. I dag er det berre minnet som lever att om den i namnet Korsbakken nede ved fjorden.
Dalsfjord kyrkje ligg ikkje lenger unna enn at eg heimanfrå ser fjella og dalen som ligg oppfor kyrkjestaden, og frå kyrkjebakken såg eg dei snøkvite fjella over min eigen heim reise seg over dei snøfrie markene i Mork og Egsetbygda på nordsida av Voldsfjorden.


Inne er skipet i kyrkja ope heilt opp under mønet, og ho er måla i lyse og varme fargar. Altertavla er måla av Lars Kinsarvik med motiv etter altertavla i Johanneskyrkja i Bergen. Eit motiv Lars Kinsarvik måtte ha stor glede av, sidan han har nytta same motivet i andre kyrkjer og. Kinsarvik er og ansvarleg for rosemålinga på altertavla, preikestol og galleri, men den målinga vart utført av ein ørsting som samarbeidde mykje med Kinsarvik, Guttorm Langstøyl.
På altertavla er der innfeldt fire menn, det er Moses og Elias, Johannes og Peter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar