fredag 15. mars 2013

Bygge Guds rike

Eg vaks opp i ei tid då vekkingstradisjonen stod sterkt i dei lågkyrkjelege miljøa. Det var frelsa frå eit syndig liv og kome til himmelen med Jesus som var målet for det meste av den forkynning ein fekk høyre. Men i min barneheim høyrde eg ikkje mykje om det, men eg visste kvar mine foreldre høyrde heime. Kva som var grunnfjellet i deira tru.
Med det utgangspunktet byrja eg mi livsvandring. Og når eg i dag ser meg attende på vegen eg har vandra, ser eg at trua mi har endra fokus. Det Jesus gjorde  gjennom si liding, død og oppstode er framleis mi tru sin faste grunn, men himmelmålet har vorte fjernare.
I staden har det vakse fram noko anna og meir jordnært i meg. Guds rike her og no, ikkje i eit framtidig himmelriket langt bort om tidsens rand. Sjølv om det målet har byrja å kome meg svært nært etter kvart.
Ei tru på at vårt viktigaste oppgåve i livet som kristne,  ikkje nødvendigvis er å kome til himmelen, men å virkeleggjere Guds rike sine mål her og no. Og at det også er Anden si oppgåve.
Tom Wright skriv i ei bok.
"Anden vart gitt for å starte arbeidet med å gjere Guds framtid verkeleg i notida. Det er det første, og kanskje det viktigaste  punktet å gripe fatt i når det gjeld arbeidet til denne underlege krafta i guddomen, som det er brukt så mange uttrykk på. Akkurat som Jesus si oppstode opna ei uventa - Guds - nyskapt verd, er og Anden komen til oss frå denne nye verda. Ei verd som ventar på å verte verkeleggjord mellom oss. Ei verd der det ifylgje dei gamle profetane skal fløyme over av fred og rettferd, og ulv og lam skal ligge side ved side. Eit nøkkelelement i det å leve som ein kristen, er å leve som borgarar i Guds framtidige rike, sjølv om vi  framleis lever her i notida. Den som Jesus kallar både vond og syndfull."
Frelste for å bygge Guds rike her - og no. Himmelen kan vente til den tida er der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar