torsdag 28. mars 2013

Skjærtorsdag

Skjærtorsdag. Ute kom der i natt eit lite tynt lag av rein kvit snø, men når gradestokken viser temperaturar på plussida, varer det nok ikkje lenge før den er borte. Sjølv om sola førebels gøymer seg bak skyene.Vi er i den stille veka. Påska er etter gamal sed framleis på vent, sjølv om vi i vår moderne tid utvidar påska til å omfatte både palmesøndag og den stille veka. Slik vi gjer med jula, den utvidar seg inn i adventsdagane.

Det er Jesus og læresveinane sitt siste måltid saman, vi minnest idag, då Jesus la grunnen til det måltidet kyrkja feirar  gjennom nattverden.  Då han tok brødet og kalken med vin, og sa: Dette er min lekam og mitt blod som vert gitt for dykk, Så ofte de et og drikk det, så gjer det til minne om meg.
For meg er nattverden eit minnemåltid, ikkje eit offermåltid, for offereret vart gjort ein gong for alle for snart totusen år sidan. Men i trua veit eg at Gud handlar med meg når eg tek imot den vesle dråpen med vin, og den vesle biten med brød. Og at det i min kropp vert det til Jesus lekam og blod, sjølv om eg med vitet ikkje skjønar korleis.
I kveld, i gudstenesta skal eg ta del i måltidet, og minnast han som gav sitt liv på krossen. For å kjøpe også meg fri til teneste i Guds rike, og til å få barnerett hjå Gud.

Det er Matteus, Markus, Lukas og Paulus som skriv om det siste måltidet, og fortel om Jesus sine ord om brødet og vinen.
Johannes gjer ikkje det. Han nemner at dei heldt måltid, men det han skriv om er det som har gitt namnet til dagen. Skjær kjem av det gamalnorske ordet skir, som tyder reinsing eller å vaske reint.
Og det er det Johannes fortel om at Jesus gjorde. Han vaskar læresveinane sine føter for at dei skulle verte reine frå vegen og vandringa  sitt støv og skit. Og sa han til Peter då han ikkje ville la seg vaske; Får eg ikkje vaske føtene dine, så har du ikkje noke fellesskap med meg.
Det var det som hende ved Jesus sin død, han vaska oss reine frå vår synd.
Men samstundes var fotvaskinga noko meir. Då synte Jesus læresveinane, og oss, kva som var deira oppgåve i Guds rike. Å vere kvarandre sine tenarar. Slik Jesus symbolsk synte ved sitt eksempel.

Biletet over er henta frå altertavla i Ulnes kyrkje i Valdres.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar