lørdag 30. mars 2013

Påskeaftan

Ein fager morgon.  Kaldt. Klårt. Blå, still fjord.Skyfri himmel og morgonsol over snødekte fjell og grender.
Dersom vi tek bort noko av dette, så var det slik  i Jerusalem og den gongen.
Det var påskemorgon med klår morgonsol over åsane som skilde byen frå øydemarka austanfor.
Det var påskefest i byen og på tempelplassen.
Men det var ikkje feststemning hjå alle inne bak bymurane. Hjå nokre var det djup og smerteleg sorg.
På under eit døgn var meisteren deira teken til fange, forhøyrd, torturert på det mest grusomme, for så å gå døden imøte på krossen.
Ved gode vener si hjelp hadde dei fått lov til å ta hans døde kropp ned frå krossen, sveipe han i eit linklede og legge han i ei tom grav som var der. Og så vart steinen røyst opp mot gravopninga. Men dei rakk ikkje å smørje kroppen hans inn med den velluktande salven slik det var vanleg var å gjere med dei døde før grava vart stengd. Det var for kort tid fram til lyden frå bukkehorna ville lyde utover byen. Lyden som fortalde at no byrja påska. Dei fekk ta det att etter sabbaten, avtala kvinnene seg imellom.
Men denne dagen er det sorga og ikkje gleda som rår hjå dei. For han dei heldt slik av, ligg gøymd i grava sitt mørke. Død, borte. Alt er over. Slutt.

Størst var nok sorga hjå mor hans, Maria. Mater Dolorosa er ho nemnd på latin. Smerten, sorga si mor.
Der er nokre skulpturar og måleri som ber namnet Pieta. Mest kjendt av dei er vel Michelangelo sin skulptur. Den som har fått sin plass bak sterkt glas i Peterskyrkja i Rom. Utruleg fagert utført, men den gav meg inga kjensle av den djupe sorga Maria måtte ha kjent på. Eg har sett mange andre langs pilegrimsvegen som som har ført meg nærare Maria enn den, sjølv om dei ikkje på langt nær har vore så vakre i utføring.
Men eit måleri med det motivet sitt fast i minnet.
Mi kjære og eg var oppe i fjella, nord for Barcelona. I klosteret Montserrat. Då då det var gudstenestetid gjekk vi inn i kyrkja, men vi stilte oss ikkje i køen som skulle opp til den svarte madonnaen, høgt over hovedalteret. Istaden fann vi oss ein plass i benkane for å vere med i gudstenesta. Ved sida av der vi sat var der eit sidekapell, og på veggen der inne hekk dette måleriet. Av Mater Dolorosa med sin døde son på fanget. Inga ung og vakker , men ei eldre og slita, merkt av livet, og med andletet merkt av djup sorg og fortviling.
Gjenom di sjel skal det gå eit sverd, hadde gamle Simon sagt til henne den dagen i tempelet då han stod der med vesle nyfødde  guten hennar i hendene sine.
For meg representerar dette biletet det verkelege Pieta. Mater Dolorosa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar