torsdag 7. mars 2013

Kven er eg?

Eit spørsmålsteikn. Kva meinar eg med det?
Mi kjære og eg sat i går kveld framfor fjernsynet. Der rulla eit program om at alt var så mykje betre i gamle dagar. Ja, var dei no det? Det kan det nok vere ulike meiningar om. Men det var eit artigt attersyn med vår blåe ungdom sine gleder og utfordringar.
Men så dukka der opp to unge kvinner på skjermen, og dei prata om våre reisemål før og no. Dei hadde visst utdanna seg til noko innan reise og reiseliv.
Men så er det at dei byrjar å snakke om dei reisemåla som våre dagars "turistar" vel. Og reisemålet vert valt ut frå kva type person ein er. Reisemålet fortel kven du er, seier dei to .Ein med jegerinteresser vel jaktferie i Afrika eller Canada/Alaska. Ein med sans for det eksotiske vel fjerne utkantar på vår vesle jord, og ein kulturopen vel Roma eller andre gamle historiske kulturstader.
Og då ikkje berre for at det er interessant i seg sjølv, men fordi det gir "turisten" høve til å fortelje si soge når han kjem heim etter utflukta.
Eg sit og undrast litt før eg vender meg til mi kjære og spør henne kven ho er, eller kven eg er som dreg ut på landevegen for å gå. Kva er det som dreg oss til det? Kva kategori høyrer vi til under?
Åndeleg turisme? Nei, eg trur ikkje det.
Historisk interesse? For meg kanskje, men for mi kjære?
Kultur? Ja, kanskje. Men så er dette med språket. Det er ei heller bratte li å kome over.
Ha ei soge å fortelje ved heimkomst? Tja, kanskje. Om det er nokon som i det heile orkar å høyre på forteljingar om trasking med sekk på ryggen?
Kvifor går de i Spania? Er her ikkje vegar og fjell nok å gå i her heime?
Nei, kven er vi igrunnen?
Noko må det vere, for då eg fortalde ei eg hadde mykje kontakt med før, at vi skulle til vårt folk sitt store utferdsmål, Gran Canaria. Så såg ho på meg og spurde; Orkar du det. Det kan ikkje vere rette reisemålet for deg? Kanskje ho visste meir om meg enn eg sjølv gjer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar