fredag 29. mars 2013

Langfredag

Så skin sola igjen frå ein klår, blå himmel, og gradstokken kraup i natt ned i minusgradene att.
I dag er det Langfredag, dagen då Jesus gjekk frå forhøyr til forhøyr, for så til slutt å ende opp på Golgata der han vart festa til krossen for å døy. Den mest fornedrande dødsmåten som var i jødisk tru. Forbanna er den som vert hengt opp på eit tre, stod det i moselova. I tillegg var det ein smertefull død.
I dag vert ei av evangelia sine lidingssoger lest i gudstenestene. Eg skal ta del i det, som ei av røystene i fortellinga. Ikkje som ein av hovedpersonane, men som eit par av bipersonane i Lukasfortellinga.
Jesus på krossen kom etter kvart inn som eit av hovedmotiva i kristen kyrkjekunst. Og som so, har den krossfeste Jesus hatt mange slags utformingar gjennom århundra. Frå den sigrande kongen med kongekrune på hovudet. Som vart avløyst av fredskongen som rette armende ut for å gi fred og frelse, til den lidande Kristus med blod og sveittedråpar på kroppen.
Og på same måten som den krossfeste er skildra på ulike måtar, har og skriftene i nytestamentet ulike fortellingar om kva det var som hende då Jesus leid og døydde. Det er som om ein kan gå frå vindauge til vindauge og sjå inn til krossen, og i kvart vindauge sjå hendinga fortalt med ulike fargar.

Men same korleis krossfestinga vert skildra, eller korleis ein ser, tolkar,  kva det var som hende, så er der inga kristetru utan Jesus si liding, død og oppstode.
Det er for meg det heilt grunnleggande i mi tru, og difor er ikkje gudstenestene i påskehøgtida til å kome utanom. Med all deira ulikskap frå skjærtorsdag til langfredag, påskenatt og påskemorgon si feiring av oppstoda.
Biletet er henta frå den store katedralen i Santiago de Compostela.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar