onsdag 19. oktober 2011

Ny Bibel

"Om kvelden seier de; Det vert godt ver, for himmelen er raud."
Matt. 16.2

Den friske austavinden roa seg litt med kvart. Utpå ettermiddagen gav regnet seg og.
Medan det regna som mest, ringde det på døra. Utanfor stod postbodet med ein pakke i handa.
Eg signerte og takka pent for leveringa. Såpass bør då ein eldre mann gjere.
Inne på kjøkenet opna eg, spent på kva innhaldet var, og stod med den nyomsette, nynorske, Bibelen i handa. Mørk blå på farge utanpå.

Det er den tredje Bibelen min, og det vert nok den siste.
Den første var eit raudt eksemplar av 1938 omsettinga som eg kjøpte meg då eg vart 18 år.
Den var litt gamal i orda, så då det kom ei ny omsetting i 1978, kjøpte eg meg ein ny. Og den vart svart.
Den opna nye dører og større djupner inn i Gudsordet, og den har vore meg ein kjær eignalut.
Rart kva ei nyomsetting , nye formuleringar, kan gjere.

Men ei tid no har den fortalt meg at den trong avløysing, etter 33 års bruk, sjølv om den har vore som ein personleg del av meg.
Eg har prøvt andre, men eg har ikkje funne fram i dei. Dei er for blanke og reine. Manglar eseløyrer, komentarar og understrekningar.
Men no bøygde eg for kravet, og min tredje er mørk blå.
No gler eg meg til å byrje å lese i den. 
Kva dører og djupnar, som eg ikkje har sett før, kjem den til å opne for meg inn i Ordet?

Mot kvelden igår letna veret, og då sola forsvann bak Helgehornet kl. 18.00, gløda skyene bak Snøhornet, sørvest i Dalsfjorden.
Om to månader har solnedgangen vandra aust over Hovdeåsen, for til slutt å verte borte bakfjella heilt til venstre i biletet, Niven og Sandhornet, aust om same fjorden. Og då er ho borte for resten av dette året.

Eg kan nok kjenne meg att litt på sola si vandring austover åsen.
Livet mitt og hallar. Det vert stadig kortare tid att før "sølvsnora slitnar og gullskåla brest" som Forkynnaren seier.
Men framleis har Anden mykje å vise meg, og lære meg. Også gjennom min nye blå.
Lukas fortel om Emmausvandrarane at den Oppstadne la ut skriftene for dei og opna augene deira, og då dei kom fram, bad dei han inntrengjande og sa: Ver hos oss! Dagen kveldar og er på hell.
Det ynskjer har også denne vandraren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar