tirsdag 18. oktober 2011

I mesta laget.


Ein gong, år attende i tida, fekk mi kjære og eg ei gåve. Ei vindklokke kjøpt av våre born.
Ikkje ei lita minisak, men av type stor. Og med vakker lyd som stemmer sinnet mitt til fred når ho sender ut sine vakre tonar i sommarbrisen, "utrøne" kalla her i bygda.
Men eg oppdaga etter kvart at ho kunne anna enn å sende ut dei spinkle, varsame, tonane.
Det hende seg i uroleg vær at eg kava meg opp frå den varme senga og ut i mørke, vindfulle natta for å plukke henne ned, så ho ikkje skulle vekke heile grannelaget med sine sterke, klangfulle tonar.
Det var då eg gav henne namnet stormklokka.

Då mi kjære og eg hamna nede på grunnplanet i huset, og det kom småfolk over oss, vart klokka forvist til eit kjellarrom. Der fekk ho henge stum og still i fleire månader. Men eg sakna tonane hennar, og ho fekk etterkvart koma ut i lyset og vinden att.
Det hender framleis at eg vaknar utpå natta av ho leikar stormklokke der ho heng i vinden som bles ut frå varmepumpa, og eg må ha meg ein tur ut i natta for å stogge henne.

I natt vakna vi begge to ut på morgonkvisten av den friskaste vinden vi har hatt på lange tider,
Persiennespilene blafra og slo, og gardina hekk ikkje ned som dei skulle, men stor rett inn i romet, oppe under taket.
Og ute var det ikkje spinkle klokkelydar, men sterke stormklokkelydar i vindkasta.
Eg tok meg ein tur ut for å sjå om alt stod vel til rundt hus og garasje, men så kraup eg ned under den varme dyna att.
Eg ansa at klokkelyden var borte før eg sovna inn att til vindsusen ute.
Då morgonen kom, og eg var ut ein tur, såg eg årsaka til at klokka hadde vore så still  av seg resten av natta.  Det var mi kjære som hadde ordna det.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar