onsdag 5. oktober 2011

Kvite Krist

Den koftekledde stod bøygd over bordet  der arbeidet hans desse sommarmånadane låg, saman med arbeidsbeinene hans, kvasse knivar og  jarn.

Ute lysna morgonen over dei bratte fjella over dalen og dei lave husa i tuna bortetter vollane ved  den strie elva.
Oppe på ei lita flate ikkje langt frå huset han var i, lyfta ei lita nybygd kyrkje spiret sitt opp mot den lyse morgonhimmelen.

Dei fyrste solstrålane lyste opp det lysbrune, nytjøra bygget der borte på haugen.
Når sola var koma litt lenger fram mot skaret i sør, ville folket i dalen samle seg i tunet og så gå syngjande opp til kyrkja. Og fremst av alle ville arbeidet hans verte bore.

Den gråkledde stod lenge og let augen fare granskande over kroppen som låg på bordet. Var der enno noko lite som trong eit siste lite snitt av kniv eller jarn, eller kunne han rekne seg som ferdig?
Til slutt nikka han nøgd og kviskra nokre ord ut i det morgonstille romet.
Så tok han ein liten nagle som låg ferdig på bordet, prøvde den varleg i holet som han hadde laga.
Handa hans leita opp klubba, og med varsame slag festa han kroppen til krossen.
Endå ein gong bøygde han seg over arbeidet, kviskra nokre ord og slo krossen sitt teikn tre gonger over seg.
Så samla han saman knivane og jarna sine, rulla dei inn i eit klede før han la dei i skreppa si.


 Fylgjet går syngande tre gonger rundt kyrkja før presten fører mennene som ber Kvite Krist, inn i kyrkja og dei festar han opp på veggen inne i koret.

Åra går over kyrkja på haugen. Årstidene skifter. Snart kvite og snørike vintrar. Snart tørre og varme somrar. Men kyrkja står der urikkande. Lita og mørk mot skogen og fjella bak.
På gardane ved kyrkja fødest born, veks opp, modnast  og eldest, for til slutt å verte førde til kvile ved kyrkja.
Gjennom århundra er det stadig nye generasjonar som  bøyer seg audmjukt for den kongekrona skikkelsen der framme i det halvmørke kyrkjekoret.

Men eit år endar alt seg. Folket i dalen tek ned den gamle kyrkja og reiser seg eit nytt kvitmåla gudshus.
Den gråkledde sitt arbeid vert seld til ein samlar.

Ein dag står ein vandrar ved ein kvitmåla murvegg på eit museum.
Framfor han heng den gråkledde sin Kvite Krist, Christus Rex. Den kongekrona sigerherren frå Golgata.
Vandraren bøyer audmjukt sitt hovud, og med ei lite bøn på sine lepper teiknar han seg med krossmerket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar